Du kan redde liv!

Ørjan Jensen«Next to creating a life, the finest thing a man can do is save one”
– Abraham Lincoln

Av Ørjan Jensen
Ambulanseinspektør/paramedic i Helse Bergen og fagkoordinator ambulanse i Regionalt Akuttmedisinsk Kompetansesenter, Helse Vest

I det daglege virket mitt har eg ofte sett korleis enkel førstehjelp kan redde liv. Her eit eksempel:

Ein sommar for nokre år sidan blei vi kalla ut til ei trafikkulykke der ein motorsykkel hadde køyrt på ein bil i stor fart. Det var om lag 20 minutt å køyre til ulykkesstaden og ut frå meldingane vi fekk på skjermen i ambulansen byrja vi å førebu oss på at dette kunne vere ei ulykke med fatal utgang. Vi fekk melding om at pasienten hadde fått knust andletet, ikkje pusta og at det var mykje blod i munnen. Då vi kom fram blei vi gledeleg overraska. Pasienten låg i sideleie og pusta. Pasienten var rett nok alvorleg skadd, men ein tilfeldig bilist hadde lagt pasienten i sideleie og reinska munnen for blod. Dette hadde han halde fram med heile tida. Innsatsen til denne bilisten redda livet til ein ung person.

Kva skjedde på ulykkesstaden?
Når ein pasient blir medvitslaus av ulike årsaker, kan det føre til at muskulaturar som held tunga oppe blir slapp og at tunga sig ned i svelget og hindrar fri straum av luft opp og ned til lungene. Ved eit enkelt handgrep som å bøye hovudet bakover, blir tunga dratt opp og luftvegane blir opna slik at luft kan strøyme fritt til og frå lungene. Dette enkle grepet kan vere det einaste som skal til for at du reddar eit liv.

Av og til kan det hende at pasienten ikkje byrjar å puste, sjølv om ein har etablert frie luftvegar. Årsaka til dette kan vere at luftvegane er hindra av blod, oppkast eller slim. Då er det viktig å reinske munnen ved å få ut så mykje som mogleg med dine eigne fingrar. Den beste måten å få dette til på er å snu hovudet til pasienten varsamt til sida og så reinske munn og svelg.

Den tilfeldige bilisten som kom til staden i eksempelet vårt, gjorde det einaste rette. Neste gong kan det vere du som reddar liv!

Kva kan du sjølv gjere dersom du er den første som kjem fram til ei ulykke?
Sørg for at du eller andre ringjer medisinsk nødhjelp 113 (Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral, AMK). Ver roleg og svar så godt du kan på dei spørsmåla du blir stilt, for dette gir god informasjon til ambulansepersonalet som er på veg. I telefonen vil du òg få råd frå medisinsk nødhjelp om korleis du kan hjelpe til.

Spørsmål frå Medisinsk nødhjelp 113 kan vere:

  • Kor er du?
  • Kva har skjedd?
  • Kva for eit nummer ringjer du frå?
  • Kva er namnet ditt?
  • Kva heiter pasienten?
  • Når er pasienten født?
  • Er pasienten vaken?
  • Pustar pasienten?
  • Kva er problemet?

Kompresjonar: 30. Innblåsingar: 2
Kva er det rette talet på kor mange gonger du skal blåse og kor mange gonger du skal ha brystkompresjon? Dette har endra seg gjennom åra, men det vi anbefaler i dag, er at tilhøvet mellom kompresjonar og innblåsingar er 30:2. Å få til munn til munn-metoden kan vere vanskeleg og det er ein fordel at du trener på dette. Men sjølv utan trening, er det betre at du forsøker, enn ikkje å gjere noko.

Får du ikkje til å bruke mun til munn-metoden, kan det vere tilstrekkeleg berre å gjere brystkompresjonar, helst kontinuerleg. Dette har best effekt på pasientar når eit hjarteproblem er årsaka til hjertestansen. Pasientar som har drukna, treng tilførsel av oksygen og dette kan du berre tilføre med innblåsingar. Born som blir livlause har nesten alltid behov for tilførsel av oksygen. Start derfor med fem innblåsingar og deretter brystkompresjonar.

Av og til kan det hende at du kjem over ei ulykke og dette kan vere svært dramatisk. Utover å gi førstehjelp er det viktig å gjere følgjande:

  • Sikre skadestaden (sett opp varseltrekant i god avstand, eller fjern element for å hindre at nye ulykker skjer)
  • Varsle medisinsk nødhjelp 113 eller Brann 110 eller Politi 112
  • Ta leiinga! Det vil seie at du sørgjer for at nokon sikrar, ringjer og gir førstehjelp
  • Legg medvitslause i sideleie og stans pågåande blødingar

Med enkel førstehjelp kan du bidra til å redde eit menneske frå døden.

Helsing Ørjan

Ta vare på kvarandre på jobb!

Leif_Johnsen_Blogg_210x300Det er ein tankevekkar at vi som verneombod høyrer så lite om mobbing og trakassering. Vi veit det skjer, men kvifor er det så få som fortel om det?

Av Leif Johnsen, konsernhovudverneombod i Helse Vest

Mobbing og trakassering på arbeidsplassane er noko vi snakkar lite om. Likevel veit vi at det skjer. Alle større arbeidsmiljøundersøkingar viser at mobbing og trakassering er eit betydelig problem i arbeidslivet, òg her hos oss. Kvar einaste dag er det nokon som kvir seg for å gå på jobb.

I fjor haust fekk alle verneomboda i helseføretaka boka ”Når veven raknar” av forfattar Jon Sjøtveit. Boka handlar om solidaritet, mobbing, samhald og maktmisbruk. Forfattaren skreiv boka for alle som vil bry seg og som kjenner eit ansvar for det som skjer. Dette er eit ledd i å styrke kompetansen hos verneomboda. Mobbing og trakassering har vore eit prioritert område for oss.

Hovudverneomboda i helseføretaka fekk Den norske arbeidsmiljøprisen for 2012 under Arbeidsmiljøkongressen i Bergen i oktober (link til tidligere nyhetssak i tekst, oktober 2012), blant anna for å ha lagt vekt på å utvikle kompetanse. Eit prioritert område for verneomboda i Helse Vest har vore å auke kompetansen om mobbing og trakassering.

Auka kompetanse er bra, men det handlar vel så mykje om korleis kvar og ein av oss opptrer i det daglege. Det kjem sjeldan opp mobbesaker til verneomboda i helseføretaka, og temaet er noko vi snakkar lite om. For nokon er det tabu, ei kjensle om skam som dei vel å tie om. Tar vi for lett på dette, og kan vi gjere noko med det? Eg meiner ja, i begge tilfella.

Når få slike saker blir rapporterte, fortel det meg at mange lir i det stille. Mange arbeidsplassar er nok flinke til å handtere mellommenneskelege konfliktar, men eg er rimeleg sikker på at mykje blir oversett. Eg har vore verneombod på heiltid i snart 11 år. Felles for dei få sakene som kjem til oss, er at dei har gått føre seg lenge.

Dei som blir mobba kan kjenne at saka deira ikkje blir tatt alvorleg. Mange kan ha ei kjensle av nederlag og trur at dei står aleine. Det som er viktig i disse sakene, er at kvar og ein av oss gjer noko med det vi ser – der og da. Vi har alle eit ansvar om å seie i frå om noko som ikkje er greitt. Når vi ikkje stopper krenkande handlingar, godtar vi at andre har det ugreitt, og i verste fall lir.

Mobbing på arbeidsplassane kan dreie seg om sosial kontroll, ulike hersketeknikkar, at folk blir oversett, utfrosne eller ikkje får oppgåver dei er kvalifiserte til å gjere. Medarbeidarundersøkingar viser og at medarbeidarar i midlertidige stillingar vegrar seg for å gi beskjed, av redsel for å miste jobben.

Helse Vest har gode system for å handtera mobbing. Alle helseføretaka har gode prosedyrar for konflikthandtering på papiret. Men dokument er ikkje nok. Vi greier ikkje å fange opp alle sakene, og medarbeidarane må bli flinkare til å gi beskjed. På den måten står alle saman om å skape ein trygg arbeidskultur i helseføretaka. Verneomboda har eit spesielt ansvar for å ufarleggjere temaet. Vi må snakke om dette på personalmøter og i alle samanhengar vi kan. Mobbing og trakassering må aldri vere tabu. Ingen er tent med at det blir skyvd under teppet. I staden bør både leiarar, tillitsvalde og verneombod gå føre som gode eksemplar.

Berre slik kan vi få til målet, som i mitt hovud er sjølvsagt: Ingen skal utsettast for krenkande handlingar på våre arbeidsplassar!

Er sjukmelding svaret?

Hilde ChristiansenDei fleste av oss opplever ei krise ein eller annan gong i livet. Då treng vi gode kollegaer og ein trygg arbeidsplass som kan bidra i den situasjonen vi er i.

Av Hilde Christiansen, Personal- og organisasjonsdirektør Helse Vest RHF

Eg trur nemlig ikkje sjukemelding alltid er svaret. Nokre gonger er svaret at det beste er å jobbe litt, om det blir lagt til rette for det. Både for ein sjølv og verksemda. Nokre gonger er det ikkje så mykje som skal til, kanskje få bytte nokre vakter eller få permisjon for å løyse praktiske ting som skal til.

For ei tid sida gjekk arbeidsminister Anniken Huitfeldt ut i media og oppmoda til debatt:

Når ein møter veggen, er då den beste løysinga å gå frå maksimalt engasjement ned til null, ellers kan det ofte vere betre å meistre noko jobb, om det så berre er litt?

Dette utspelet ønskjer vi velkommen, det er bra å få ein open debatt og dialog om dette temaet, ikkje berre i media, men på kvar enkelt arbeidsplass, mellom kollegaer. Ein god diskusjon og debatt om dette emnet før nokon står i det, kan også vere ei god førebuing på kva vi sjølve vil gjere om dette treff oss. Vi bør alle reflektere over utsegna til statsråden og vi bør alle heller inspirere med dei hyggelege orda som betyr noko, «Håper eg ser deg i morgon» eller «Håper du er her litt», enn å distansere oss eller oppmode til sjukemelding.

Mens dei fleste årsakene til legemeldt sjukefråvær flater ut eller går ned, er det framleis ei årsak som aukar i omfang. Statistikk viser at ei viktig årsak til ein del av sjukefråværet er lettare psykiske lidingar. Ifølgje tal frå NAV, har det legemeldte sjukefråværet på grunn av lettare psykiske lidingar auka med 145 prosent frå 2000 til 2011. Lettare psykiske lidingar er så mangt.

Som kollegaer og verksemder kan vi gi støtte til å meistre livssituasjonar som er vanskelege. Ofte kan trygge og føreseielege kollegaer utgjere forskjellen til å meistre sjølv dei vanskelegaste krisane ein kan oppleva. Det er ikkje reint ofte ein finn at det nettopp var gode kollegaer som gjorde at ein kom seg gjennom krisa, sjølvsagt også med støtte frå sine næraste.

Helse Vest har hatt ein god dialog med NAV på Vestlandet om det ikkje er på tide at vi vågar å setta nokre situasjonar på dagsorden og stille dei vanskelege spørsmåla.  Vi er einige alle som ein, både NAV, tillitsvalde og vernetenesta, at det er akkurat det vi må våge å gjere. Kva om vi stiller oss spørsmål om samlivsbrot er ein sjukdom? Vi er einige i at det er ei krise og påkjenning. Er sjukemelding eit rett tiltak når krisa ved samlivsbrot er på sitt vanskelegaste, eller er svaret at det er nettopp då ein god arbeidsplass kan bidra til å meistre situasjonen?  Kan det vere betre å få bytta nokre vakter, nytta nokre dagar permisjon når praktiske ting skal løysast? Kva er rett innsats?

Eg er opptatt av at vi tar dette temaet på alvor og at vi skaper ein dialog oss kollegaer imellom om kva haldningar vi har til å meistre, støtte og motivere om vi opplever ein vanskelege periode, som for eksempel samlivsbrot, og korleis vi ønskjer å ha det.

I denne samanhengen er det også viktig å skape verdighet rundt det fråværet som i utgangspunktet ikkje er sjukdom, i dei tilfella kor det verkeleg finst betre og meir fleksible løysingar. Ei løysing er bruk av dei etablerte, gode permisjonsordningane vi har.  Leiarskap og medarbeidarskap er viktige element her, vi har alle eit ansvar for å bidra. Det er ikkje verdig å skape behov for sjukemelding heller, om vi ikkje er 100 prosent.  Vi kan ta vare på kollegaer som møter kriser i livet på ein god måte med å vere imøtekomne og fleksible.

Kanskje kan god støtte på jobben i enkelte tilfelle erstatte ei sjukmelding? Kva trur du? Korleis kan du og eg vere med å snu trenden?

Hilde Christiansen
Personal- og organisasjonsdirektør Helse Vest RHF