Tenkjer du raskt eller langt?

Solfrid RaknesLivsviktige val skjer i helsevesenet. Vi har mulegheit til å ta raske, intuitive val. Og vi kan gjere val utifrå lange, krevjande tankerekkjer. Førebygging av psykiske helsevanskar hjå barn og unge vil få høgare prioritet ved grundig og langsiktig tenking.

Av Solfrid Raknes, spesialist i klinisk psykologi og innovasjonsprisvinnar Helse Vest 2012

Psykologen Daniel Kahneman har fått Nobelprisen (i økonomi!) for sitt arbeid med forståing av korleis menneske gjer val. To hovudvegar i valsituasjonar viser seg:  Ein rask veg, der vala skjer utifrå kjensler, intuisjon, instinkt, automatikk, vanar og tommelfingerreglar. Og ein meir krevjande veg som går treigare, der det rasjonelle og djupt tenkte har sin plass.

Kahneman seier at om lag 80 % av vala vi tek både på jobb og i privaten, er raske val. Slik kan vi navigere i ei komplisert verd der inntrykka er mange og tid ein knapp ressurs. Lange, krønglete tankerekkjer i ein kvar situasjon ville truleg vore uuthaldeleg, farleg og i mange tilfelle heilt handlingslammande.

I Helse Vest gjer vi støtt prioritering av arbeidsoppgåver. Til dømes i behandlinga av ei kreftsjuk kvinne som har barn: Prioriterer vi då samtalar med barna hennar for å hjelpe dei til å forstå det vonde og vanskelege? Valet kan skje på basis av om barna blir sett på avdelinga, korleis dei ser ut til å ha det, rutinar, regelverk, forventningar, kva barna triggar i oss og kor trygge vi er på barnesamtalar i slike situasjonar. Alternativt kan valet skje utifrå kor sannsynleg det er at ein barnesamtale i denne situasjonen kan ha førebyggjande effekt.

Psykiske lidingar rammar litt over 40 % av menneske i løpet av livet. Kahneman seier vi ikkje er så flinke til å ta omsyn til kor utbreidd problem er. Kor ofte problemet blir nemnt, kor synleg det er og om eg vurderer det som ein fare for meg og mine, er forhold det er lettare å bli påverka av. Eit blødande sår hjå barn som blir frakta til sjukehus med blålys vil utifrå den raske tankemåten få høgare prioritet enn eit barn med ei usynleg angstliding. Uavhengig av kva som vil koste mest i liding og kroner på lengre sikt om barnet ikkje får hjelp.

Prioriteringar i Helse Vest skjer av kloke menneske som både har evne til å gjere raske val der det er naudsynt, og til å tenkje i meir krevjande, lange banar. Psykiske helsevanskar er av vår tids største utfordringar, både om vi tel kroner, måler liding eller tel kor mange som er ramma. Tiltak som kan nå ut til mange, er effektive og der helsegevinsten per krone er stor, bør bli prioritert. Eg har håp om at førebygging av psykiske helsevanskar blir høgare prioritert i Helse Vest framover. Realisten i meg minner om at optimistiske tankar om framtid er av dei systematiske feilvurderingane som er vanlege når ein tenkjer raskt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s