Årets sommarjobb 2012: – Viss du bommar så skrik eg…

Emblem Sommarjobb 2012Før eg bestemte meg for høgare utdanning var eg så heldig å få privat omvising på laboratoriet på Førde sentralsjukehus.

Av Kristina Apalseth, bioingeniørstudent ved Høgskulen i Bergen

Gjennom ei tante, som sjølv er sjukepleiar ved sjukehuset, fekk eg møte ein kjekk bioingeniør som engasjert viste og fortalte om bioingeniørars ulike arbeidsoppgåver.  Dette ekstraordinære møtet, gjorde valet av utdanning enklare. Vidare ville eg utforske arbeidsmiljøet og moglegheitene for jobb kring heimstaden; og søkestaden for sommarjobb vart difor Førde.

Det første ”skikkelege” møte med laboratoriet på Førde Sentralsjukehus var likevel i fjor sommar; sommarjobben som lab-assistent gav så meirsmak at nasa vendte tilbake i år også. Årsaka var enkel; eg likte meg så utruleg godt i det inkluderande arbeidsmiljøet. Etter å ha fullført 2. året på bioingeniørutdanning på Høgskulen i Bergen var eg no klar til å setje mine føter på laboratoriets poliklinikk. Og det skulle vise seg at dei 6 vekene som sommarvikar her, skulle bli den beste og mest innsiktsvekkande sommarjobb-opplevinga nokon gong!

Etter kvart i studiet, men og i samband med praksis og sommarjobb, har eg kjent på at bioingeniørar er for ”gøymt” i helseføretak; dei fleste er uvitande om viktigheita kring jobben denne yrkesgruppa utøver.  Alle veit kva legar og sjukepleiarar gjer; og at dette er viktig arbeid. Folks manglande innsikt om vår jobb gjer at eg ofte sit att med spørsmålet; er bioingeniørar så viktige då? Utgjer vi ein forskjell i andre menneskes kvardag, når dei ikkje ein gong veit kva vi gjer? Eg vil jo ha ein jobb der eg veit eg kan ha innverknad; ha ein betyding, på ein positiv måte.

Når menneske kring meg spør meg om kva eg studerer til, svarar eg kort og godt;  ”bioingeniør”; og svaret eg får er eit tydeleg uforståande og lite overbevisande: ”Ååååååjaaa, akkurat ja”. Eg har og hørt kommentarar som ”der kjem vampyrane som ikkje gjer noko anna enn å tappe oss for blod”. Etter jobberfaringa denne sommaren har eg heldigvis fått kjent på og forstått at det bioingeniørar gjer verkeleg betyr noko også; noko eg kunne tenkt med å setje meir i søkelyset framover.

Ikkje berre var arbeidet i poliklinikken utfordrande og interessant, men den gav meg kjensla om at eg og arbeidet eg gjorde hadde ei betyding; ei herleg fornemming å gå heim att med etter ein dag på jobb. Menneska eg møtte her var ei salig blanding; alt frå nyfødde til gamle, friske og veldig sjuke, klåre og utilreknelege, uredde og vettskremde, glade og triste, kvikke og slitne, pratsame og stumme, rolege og hastige, bekymringslause og engstelege. Med opptil 60 ulike pasientar for dagen flaug arbeidstimane, og inntrykka vart mange.

I poliklinikken sat eg og tok blodprøver; eg stakk med nål og fylte blod på glas for analysering, slik at diagnosar kunne stillast og/eller behandling kunne følgjast. Folk kan kanskje tenke: Nei-og-nei, for ein kjedeleg og ufyseleg jobb; berre drive å stikke og gjere andre vondt. Men kvar og ein av pasientane var forskjellige, med ulike situasjonar og med ulike utgangspunkt for å kunne fås blod av.  Dette prega kvar og ein av dei på individuelle måtar. Den meistrings- og godheitkjensla ein etter kvart får etter å ha ”truffe” ein pasient; både i stikk- og møtesamanheng, den er ubeskriveleg. Det kan høyres absurd ut, men det er heilt sant. Både det å få bruke det ein har lært i utdanning og ikkje minst møte pasientar på ein trygg og god måte; er særs tilfredsstillande.

Det var tydeleg at denne instansen, poliklinikken, kunne vere ein stor del av pasientanes kvardag; og kor bra kjendes det ikkje å få lov å ta del i dette på ein skikkeleg måte. Når dette gjekk opp for meg skjønte eg verkeleg bioingeniørens betyding for pasientane, i alle fall på det pre-analytiske planet. No gjenstår det berre å formidle og understreke kva vi gjer med prøvene og kva betydinga av vår analysering av prøvene har for kvart einskilde menneske. Men også å få fram kor mykje forskjellig arbeid som blir gjort på laboratoriet; alt i frå aktivititetar i blodbank og på mikrobiologisk- og patologisk avdeling.

– Eg ser du er sommarvikar; er du flink? Du er flink! Dette kjende eg ikkje i det heile.
– I dag er eg sliten; eg orkar snart ikkje meir. Jammen skal ein vere frisk for å vere sjuk.
– Eg har sprøyteskrekk! Eg trur ikkje eg klarar dette her.
– Eg kjenner det svartnar litt for meg no.
– Eg berre seier det med ein gong; eg er vanskeleg! Nei, er du ferdig alt? Dette var ikkje mykje til eit stikk. Då gler eg meg til å komme tilbake neste gong; vi sjåast neste veke.
– Viss du bommar så skrik eg.
– Eg er berre 5 år, men eg har gjort dette kjempe mange gangar; eg er her nesten kvar dag.
– Eg har vore sprøytenarkoman, men har vore ”nyktern” i snart 1 år. Eg kan vise deg kvar som er bra å stikke.
– Eg er så lei av desse prøvene! Eg har fått påvist to typar kreft, og fekk prognosen i dag.
– Så var det meg og deg igjen.

Eg kunne ikkje byrja å ramse opp alle situasjonar og alt det eg har lært; både yrkesmessig, om det å vere profesjonell, om meg sjølv og ikkje minst om det å vere medmenneske; det ville tatt mange timar. Men ein ting må eg ha sagt; på same måte som pasientar set att eit sterkt inntrykk i oss, set vi att eit sterkt inntrykk i dei. Det er mange kommentarar som varmar og andre som knusar. Og måten ein opptrer og svarar på kan ha alt å seie for dagen til desse individa; akkurat som dei utgjer dagen vår.

Det gjeld også dei ein jobbar saman med! ”Du seier tida går fort, no som du har jobba fire veker, men eg føler du har vore her lenger; du sklir rett inn. Du er jo ein del av oss”.  Arbeidsoppgåvene denne sommaren har ikkje berre vore supre, men også arbeidskollegar har hatt alt å seie for trivsel og heilskapsinntrykk.  Kjensla av å høyre til; vere ein del av eit team, er heilt utruleg. Alle var imøtekomande og ærleg interesserte, og dette skapte ein trygg og god atmosfære med høg trivselsfaktor.

Mi oppmoding til Helse Vest er difor: Korleis synleggjere bioingeniørane og verdien av arbeidet deira i helseføretaka?
Takk for meg, og takk for ein minnerik sommar hjå Helse Førde!

Kristina Apalseth

Dette er eit av bidraga til konkurransen vår Årets sommarjobb 2012. Les nokre av dei andre her:

6 tanker på “Årets sommarjobb 2012: – Viss du bommar så skrik eg…

  1. Tilbaketråkk: Årets sommarjobb 2012: Sekretær, Akuttmottaket, Stavanger universitetssjukehus | Blogg i vest

  2. Tilbaketråkk: Årets sommarjobb 2012: Kjøkkenet, Stavanger universitetsjukehus | Blogg i vest

  3. Tilbaketråkk: Årets sommarjobb 2012: Obduksjonstekniker, Stavanger universitetssjukehus | Blogg i vest

  4. Tilbaketråkk: Årets sommarjobb 2012: Nevrokirurgisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus | Blogg i vest

  5. Tilbaketråkk: Årets sommarjobb 2012: Ambulansearbeider, Helse Fonna | Blogg i vest

  6. Tilbaketråkk: Årets sommarjobb 2012: Barselavdelingen på Kvinneklinikken | Blogg i vest

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s