Å vere eller ikkje vere

Bloggemblem Martin Kurz

Sjukehusa er avhengige av di reaksjonsevne for å redde liv etter hjerneslag. Ved minste mistanke –  ring 113!

Av Seksjonsoverlege Martin Kurz ved Stavanger universitetssjukehus

I Noreg reddar vi mange liv etter hjerneslag, men vi kan redde så mange fleire. Alt avhenger av at den slagramma kjem raskt nok til behandling. Med 5500 dødsfall kvart år er hjerneslag den tredje vanlegaste dødsårsaka her til lands. I tillegg blir mange overlevande invalidiserte.

Den kritiske faktoren er tida som går frå ein person får slag til den medisinske behandlinga blir sett i gang. Sjølv nokre få minutt kan utgjere stor skilnad for pasienten si framtidige funksjonsevne.

I fjor uttalde statsminister Jens Stoltenberg at «heile Noreg kan lære av Stavanger». Eg er stolt over at sjukehuset eg jobbar på er blant dei aller beste på å få slagpasientar raskt inn til effektiv behandling med trombolyse (oppløysing av blodpropp ved hjelp av medisinar). Bak resultata ligg ei målretta satsing på å drille heile behandlingskjeda i effektiv handtering.

I sommar følgde Helse Vest opp med ein ny plan for å sikre best mogleg praksis frå slaget er oppdaga til ferdig behandling ved alle sjukehus på Vestlandet.

Eg er oppteken av at hjerneslag ikkje er nokon «gammalmannssjukdom». Hjerneslag kan ramme folk i alle aldrar. Derfor gjer alle lurt i å lære seg huskeregelen F-A-S-T for å kjenne igjen symptoma ved hjerneslag.

Emblem FAST-regeln hjerneslagOg ved minste mistanke:
– Ring 113 med ein gong!

Seksjonsoverlege Martin Kurz ved Stavanger universitetssjukehus.

Med di hjelp kan personen kome raskt til sjukehus for å få riktig behandling.

F – Fjes
– lamming i ansiktet, smiler skjeivt
A – Arm
– lamming i ein arm, kan ikkje halde armen løft
S – Språk
– språkforstyrring, finn ikkje riktig ord
T – Tale
– taleforstyrring, utydeleg tale

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s