Ja, vi gjer feil!

Stener KvinnslandDet er mykje lærdom i feilsteg. Openheit om feila vi gjer er med på å gjere oss enda betre i møtet med pasientane.

Det er aldri behageleg når det vi arbeider med og brenn for, får det kritiske søkelyset på seg og feila vi gjer kjem fram i lyset. Men som sjukehusleiar meiner eg det er riktig å vere open også om dei mindre gode sakene. Skal vi ha tillit blant dei menneska vi er sett til å tene, må vi bidra til at dei får eit realistisk bilde av det som skjer på sjukehuset.

Det betyr at vi også må vere opne om det som ikkje er så bra. Derfor har vi valt å legge ut på våre nettsider dei sakene som vi vidaresender til helsetilsynet, såkalla 3.3-meldingar, saker der vi ikkje har gjort jobben vår godt nok.

Det har vore ein modningsprosess i heile sjukehus-Noreg når det gjeld openheit om desse sakene. Tidlegare var det ikkje mykje stemning for frivillig å gi ut opplysningar i det offentlege rom om dei feila vi har gjort. Vi ville at pasientane våre skulle vere trygge, vi ville at dei skulle få vite kor mykje bra vi gjorde. Det var då sanneleg nok at journalistar jakta på feila våre.

No har det vekse fram ein heilt annan openheitskultur i sjukehus-Noreg. Fleire sjukehus legg ut sine meldingar til helsetilsynet, og med jamne mellomrom blir kvalitetsindikatorar for alle sjukehus lagt fram. Dei siste er ikkje alltid like flatterande for alle.

Eg trur at det å vere så open, eller skal vi heller seie ærleg, gjer pasientane tryggare på oss. Alle som har vore på sjukehus veit at ikkje alt er slik det skal vere alltid. Dersom vi da prøver å berre teikne eit glansbilde, blir vi ikkje truverdige. I det totale bildet finnes det også ein del som ikkje er så vakkert.

Men det viktigaste med å kartlegge dei feila vi gjer, er ikkje å drive sjølvpisking eller jakte på syndebukkar. Det viktigaste er å finne ut kvifor det gikk galt, og så sette i verk tiltak for å unngå at det skjer igjen. Media brukar gjerne uttrykk som «legetabbe» og «menneskeleg svikt», vi vil heller sjå på kva vi kan gjere med systemet for å unngå at det får følgjer når einskildmedarbeidarar gjer feil.

For vi gjer alle feil. Det viktige for meg som leiar på eit sjukehus, er å sørgje for at vi har system som er så gode at dei fangar opp dei menneskelege feila. Kartlegginga av feil viser oss kva vi kan lære og gjere for å bli betre.

Men i vårt arbeid med å lære av feila våre, er det viktig at vi ikkje mister av synet dei gode sidene av sjukehuset. Alle brukarundersøkingar viser at dei aller fleste pasientane våre er godt fornøyde med den behandling og pleie dei får, og i dei aller fleste tilfella gjer vi ikkje feil.

Ja, vi skal vere opne om dei feila vi gjer, men vi må ikkje misse av syne det heile bildet.

3-3-meldingar om uønskte hendingar i Helse Bergen kan du lese om på denne sida

Ha ei fin veke!

Stener Kvinnsland, administrerande direktør, Helse Bergen

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s