Nærmare 20-dagarsmålet for kreftbehandling

Baard-Christian SchemFor eitt år sidan la statsministeren fram målet om at det for fleirtalet av kreftpasientane skulle gå maksimalt 20 verkedagar frå sjukehusa tek imot tilvisinga til utgreiing og behandling tek til. Kva er statusen i dag?

Undersøking av pasientar for kreftsjukdom og planlegging av kreftbehandling er komplisert og det er mange tiltak som skal gjennomførast før behandlinga kan ta til. Ofte gjer ein oppdagingar undervegs, som gjer at planane må leggjast om. Det kan også vere at ein finn andre og nye sjukdommar ved sida av kreftsjukdommen, og at desse må undersøkjast grundig og ofte behandlast for seg, før kreftbehandlinga kan starte. Derfor finst ikkje raske og enkle tiltak som åleine får tida fram til starten av kreftbehandlinga kraftig ned. Vi må arbeide systematisk med dei mange små trinna, for å spare inn tid i kvart einaste av dei, utan at kvaliteten blir redusert.

Det er dette vi har arbeidd med det siste året. Eg har lyst å nemne nokre av tiltaka her, utan at andre er gløymt, for å gje deg eit innblikk:

Det enkelttiltaket eg meiner er aller viktigast er betra planlegging og koordinering av forløpet for kvar einaste pasient, med bruk av pasientkoordinatorar. Det er no pasientkoordinatorar på plass i alle helseføretaka på Vestlandet og desse arbeider aktivt med gode forløp.

God tilgang til undersøkingar av prøvar av vev og røntgenundersøkingar er nødvendig. Ved sida av eigen kapasitet, har Helse Vest nyleg inngått avtalar med private leverandørar som aukar kapasiteten for undersøkingar av vev. Avtalane for røntgen sørgjer for like prosedyrar for undersøkingar gjorde hos private institutt som i våre eigne helseføretak, noko som reduserer faren for at undersøkingar må gjerast på ny seinare i utgreiinga. Det aukar kapasitet og reduserer forseinkingar.

Der det er mistanke om brystkreft, skal pasientane direkte til brystdiagnostisk senter med komplett tilbod utan nokon forseinkande rundar der det bare blir gjort mammografi.

Gradvis innføring av talegjenkjenning i heile regionen gjer at det legen dikterer kjem skriftleg direkte inn i pasientjournalen utan å vente på skriveteneste. Dette gjer at informasjonen for kvar undersøking og førebuing blir tilgjengeleg med ein gong for dei som trenger han når dei skal gå vidare med neste trinn fram mot starten av behandlinga.

I Helse Førde har ein i en periode gått systematisk igjennom forløpet til kvar einaste kreftpasient for å sikre at ein opplever rask framdrift og finne ut kva for pasientar som blir forseinka og kvar dette skjer.

I Helse Bergen har ein gått igjennom heile forløpet ved undersøkingar av vev, inkludert innreiing av laboratorium, for å få raskare svar og auke talet på prøvar som kan undersøkjast.

Så må ein heller ikkje gløyme at god kreftbehandling ikkje berre dreier seg om ein rask start, men om eit godt samla forløp. For kvinner som må få bygd opp brystet etter behandling for brystkreft, har særleg Helse Stavanger gjort kraftfulle grep for å auke kapasitet og kvalitet.

Kreftutgreiing og behandling er ikkje som ein stafett der ein spring etter tur langs ein fastsett bane. Det er heller eit lagspel der det skjer mange ting samtidig på ulike deler av banen, som må koordinerast.

Vi må ha system i botn, vel etablert samarbeid, evne til rask omstilling, og nokre gonger til og med improvisasjon, når vi møter ein uføreseieleg sjukdom som så langt vi kan sjå vil tøye alle ferdigheitene våre til yttergrensa og endå lenger.

Med ønske om ein god sommar!

Baard-Christian Schem, fagdirektør i Helse Vest

Tenk etikk i kvardagen!

Lise Karin Strømme

Lise Karin Strømme

– Alle val vi tek kvar dag som får betyding for andre, om dei er små eller store, er etiske val. Har vi etiske refleksjonar framme i panna er det større sjanse for å møte pasientar og kollegaer på ein god måte.

av Lise Karin Strømme, konserntillitsvald i Helse vest

Eg er glad for å kunne slutte meg til dei felles etiske retningslinjene som no ligg føre for føretaksgruppa i Helse Vest. Retningslinjene er eit felles grunnlag for etisk refleksjon i føretaksgruppa og er ein peikepinn i rett retning, både i kompliserte og meir kvardagslege saker. Ved å vere bevisste på at dei vala vi tar har konsekvensar, vil vi ta kloke val. Og kloke val – dei er til det beste både for pasientane og oss som arbeidar i sjukehusa.

Eg er utdanna jordmor og i det arbeidet er det òg god nytte i felles etiske retningslinjer.  Etikk blir sett på dagsordenen og får auka fokus både frå leiarar og blant medarbeidarar. Skal vi få til noko godt, er det viktig at det er eit samla fokus i heile organisasjonen. Alle medarbeidarar har nytte av etiske refleksjonar i sitt arbeid fordi alle påverkar det arbeidet som blir gjort.

I samarbeid med føretaka sjølv og konsernhovudverneombodet har vi som er konserntillitsvalde vore med i utarbeidinga av dei etiske retningslinjene for sjukehusa på Vestlandet og heile føretaksgruppa Helse Vest. Alle har kome med gode innspel og kommentert dei ulike versjonane til dei etiske retningslinjene. Det har vore ein god prosess der fleire aspekt ved dei ulike temaa har vore nøye vurderte. Og så er dei etiske retningslinjene som no ligg føre godt forankra i Helse Vest sin visjon og kjerneverdiar.

Som helsepersonell er vi gitt rammer for svært viktige avgjerder saman med pasienten. Dette må vi vere bevisste for å sikre god pasientbehandling. Det er helsepersonellet si oppgåve å skape balanse overfor pasienten ved hjelp av god informasjon og etisk refleksjon. Eg håper at dei etiske retningslinjene vil vere til god hjelp i fleire situasjonar , anten det gjeld oss som fagperson, kollega eller leiar.

Dei fleste etiske vala vi tar er små, men når vi samlar dei saman så betyr dei noko.  Kan hende har vi når arbeidsdagen er slutt, gjort klokare refleksjonar. Vi kan gå heim etter jobb og vite at vi har tatt bevisste og forhåpentlegvis gode val,  og kan hende med ei betre kjensle av å ha gjort vårt beste for pasientane og dei vi arbeider saman med!

Med ønskje om ein fin sommar med gode refleksjonar,
Lise Karin Strømme