Kabalen gjekk opp!

Av Jon Magnussen, professor i helseøkonomi og leiar av Institutt for samfunnsmedisin ved NTNUEtter lange møte og heftige diskusjonar, er alle helseføretak på Vestlandet no samde om fordelinga av 20 milliardar sjukehuskroner.

Av Jon Magnussen, professor i helseøkonomi og leiar av Institutt for samfunnsmedisin ved NTNU.

Då vi tidleg i vinter starta revideringa av inntektsfordeling mellom dei fire helseføretaka på Vestlandet, var ein ”happy end” langt frå gitt. Men vi lukkast. Når revidert modell for inntektsfordeling mellom sjukehusa i Helse Vest denne veka blir sendt ut på høyring, skjer det til samla bifall frå fag- og økonomidirektørar i alle dei fire helseføretaka. Enkelt sagt har vi i fellesskap klart å einast om kva ”rettvis” betyr.

”Tenk på pengehaugen som ei kake”, skreiv økonomidirektør Per Karlsen i denne bloggen tidlegare i vinter. I inntektsmodellen som no ligg klar, blir den klart største delen av 20-millardar-kaka fordelt etter behov mellom dei fire helseføretaka: Jo større befolkning i helseføretaket, desto høgare del av inntektene. På same vis: Jo fleire innbyggjarar med høgt behov for sjukehustenester – for eksempel eldre – desto høgare del av inntektene til helseføretaket.

Inntektsmodellen tek også omsyn til at vilkåra for å drive sjukehus er høgst ulike. Helse Førde og Fonna driv sjukehus på tre stader, for pasientar som også har lengre reise til sjukehus enn folk i Stavanger og Bergen. Helse Bergen og Stavanger driv på den andre sida meir høgt spesialisert og kostnadskrevjande pasientbehandling. På universitetssjukehusa skjer vidare brorparten av forskinga i Helse Vest, også desse utgiftene tek modellen omsyn til.

Ein av våre største utfordringar har vore ambulansar og andre pasientreiser. Her er det vanskeleg å finne objektive kriterium å fordele inntekter etter. Vi er komne eit stykke på veg, men det er framleis mogleg å kome lenger. Høge og raskt aukande kostnadar til pasientreiser er ei utfordring som alle dei regionale helseføretaka i Noreg slit med. Vi meiner samarbeid på tvers av regionar er vegen å gå for å finne fram til betre kriterium.

Modellen som no går ut på høyring er basert på ein kombinasjon av faglege analyser og lokal kunnskap. Har vi så kome fram til ei «rettvis» fordeling? Som alt anna i livet vil også inntektsmodellen ha ei viss usikkerheit ved seg, men han har fått tilslutning frå alle fag- og økonomidirektørar i helseføretaka på Vestlandet. Det er ei styrke – både for modellen og pasientar som med dette har tryggleik for at dei får sin rettvise del av helsetilbodet.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s