Tankar frå Reuma-Sol

Njål IdsøGi kronisk sjuke behandlinga dei treng, og utlegget vil betale seg ved at pasienten blir ståande i arbeid i staden for å ende på trygd.

Av Njål Idsø, leiar for det regionale brukarutvalet i Helse Vest

Under ei steikande, spansk sol går mitt rehabiliteringsopphald mot slutten. Hit til Reuma-Sol kjem eg tilbake, gong etter gong. For å bli løfta opp til eit fysisk og psykisk nivå som gjer det mogleg å stå i jobb heime i Noreg.

Trass i kronisk sjukdom, er eg heldig som har økonomisk fridom til å oppsøke effektiv rehabilitering. Ikkje alle har det.

Personar med kroniske muskel- og skjelettproblem er dei største brukarane av uførepensjon. Dei fleste ville sjølvsagt arbeidd i staden. Men den som får ei kronisk liding får samtidig ein heilt ny jobb. Ei arbeidsoppgåve dei sjølve har ansvar for å skjøtte i tillegg til alle gjøremåla som også andre menneskje må rekke over: Vedlikehald av eigen kropp.

Med ujamne mellomrom treng vi kronikarar likevel hjelp til å byggje oss opp att fysisk og psykisk. Hjelp som eg no har fått på Reuma-Sol. Målet: Å bli i stand til å halde fram arbeidslivet trass i lidinga, å ikkje gi opp. Undervegs har eg gjort meg nokre tankar om sjukdom, rehabilitering – og vegen utanom uføretrygg.

Føresetnaden for effektiv behandling av kroniske lidingar, er at behandlinga held fram gjennom eit heilt livsløp. Då krevst tilgang til behandlingstilbod når ein treng det. Nålauga må ikkje vere så trongt at ein ikkje kjem gjennom. Ventetidene ikkje vere så lange at ein må ut i sjukemelding i mellomtida. Skjer det, er vegen særs kort frå arbeidsliv til uførepensjon.

Under mine rehabiliteringsopphald i kriseramma Spania blir eg minna på kor utruleg privilegerte vi er som nyt godt av den norske velferdsstaten. Det betyr ikkje at systemet fungerer optimalt. Arbeid heng tett saman med både livskvalitet og samfunnsøkonomi, så korleis gi fleire kronikarar behandlinga dei treng for å halde fram i arbeid?  Samfunnet vårt er slik bygd opp at det er helseføretaka som har ansvar for å gi behandling innanfor økonomiske rammer gitt av helseministeren. Men helseføretaka og helseministeren har samstundes ikkje det økonomiske ansvaret for uføreutbetalingene – kostnadar som hamner på arbeidsministeren sitt bord.

Spørsmålet er kven som har ansvaret for å sjå heilskapen? Ansvaret for å vurdere om dette er riktig bruk av pengar og menneskelege ressursar?

I det eg oppløfta, opptrena og optimistisk tek farvel med Reuma-Sol, er eg overtydd om at meir pengar til rehabilitering for kroniske pasientar på sikt ville spart samfunnet for langt større summar til uførepensjonar.

Helsing Njål Idsø, leiar for det regionale brukarutvalet i Helse Vest.

For mange byråkratar i spesialisthelsetenesta?

Hilde ChristiansenVi høyrer stadig påstandar om at spesialisthelsetenesta snart består av fleire byråkratar enn personell som driv med pasientbehandling. Men er det slik?

Av Hilde Christiansen, personal- og organisasjonsdirektør

Svaret er eit klart og tydeleg NEI.

2011 var det beste sjukehusåret nokon gong. Pasientbehandlinga er nær dobla sidan 2002. Det skjer samtidig som ventetidene er reduserte til ein tredjedel og resultata er snudde frå underskot til positivt resultat med som gjer det mogleg å investere i endå betre tenester.

Det er sant at vi er blitt fleire tilsette sidan 2002, men auken i administrativt personell på leiarsida har vore stabil. Fleire nye oppgåver, slik som rusbehandling, pasientreiser og gjestepasientoppgjer, gjer at andre yrkesgrupper enn helsepersonell må til. God organisering må vere på plass for at dyktige medarbeidarar skal få gjort oppgåvene sine utan hindringar. Det betyr at det er oppgåver andre yrkesgrupper enn helsepersonell skal og må gjere for at oppgåvene skal bli løyste på ein best mogleg måte.

Definisjonen på administrasjon/personell/byråkratar er ikkje klar i statistikkane som Statistisk sentralbyrå legg fram, og det kan synast som om alle leiarar, anten dei er avdelingssjukepleiarar eller merkantile tilsette innanfor IKT, blir oppfatta som byråkratar. Nokre av dei oppgåvene som ofte blir lagte under administrative stillingar, og som blir omtala som byråkrati, er

  • reingjering av senger og tøy – og dagleg reinhald av fleire hundre tusen kvadratmeter
  • sterilisering av operasjonsutstyr
  • matforsyning til sjukehusa
  • daglege og viktige vaktmeisteroppgåver
  • medisinforsyningar til sjukehusa (levert av Sjukehusapoteka Vest)
  • behandling og betaling av meir enn 230 000 inngåande fakturaer
  • planlegging av omlag 3,9 millionar vakter og utbetaling av lønn
  • planlegging og oppfølging av ulike investeringsprosjekt med ei budsjettramme på 1,6 milliardar kroner

Dette er eit lite knippe av oppgåver vi ikkje finn att i ein grovmaska statistikk for yrkeskategoriar. Statistikkane seier ingen ting om oppgåvene som blir løyste. Men dei er særs viktige for at sjukehusdrifta skal fungere. Når det er sagt, så er det faktisk slik at 83 prosent av alle tilsette i føretaksgruppa har direkte oppgåver knytt til pasientbehandlinga.

Vi er stolte av medarbeidarane og leiarane våre som kvar på sine felt har medverka til resultata som er nådde. Det er faktisk viktig for god pasientbehandling at helsepersonellet i brei forstand får konsentrert seg om det viktigaste: God og kvalitativ pasientbehandling. Til det treng dei leiarar og andre kollegaer som legg til rette for og utfører oppgåver for at dei skal få nytte mest mogleg av si tid til pasientbehandling.

Vi er på veg i utviklinga av ein endå betre spesialisthelseteneste på Vestlandet!

Beste helsing Hilde Christiansen