Rettvis fordeling av inntekter – er det mogleg?

Per KarlsenAlle sjukehus treng pengar til å behandle pasientar – men kor stor del av kaka er det rimeleg å gi til kvart helseføretak? Og på kva grunnlag? I Helse Vest blir fordelinga av 20 milliardar helsekroner nå gått gjennom på nytt.

«Darr e nok av de som telle på tal
som får sannhed ud som sum med desimal
Darr e nok av de som ikkje syns det e lett
som bare riste på håve når de ikkje vett»

frå ”De umulige”, Sigvart Dagsland/Gunnar Roalkvam

20 milliardar er ufatteleg mange kroner. Tenk på pengehaugen som kakestykke, så blir utfordringa vår tydelegare: Staten har gitt Helse Vest ei kake som skal delast ut til fire helseføretak (Førde, Bergen, Fonna og Stavanger). Spørsmålet er: Kor stort stykke er det rimeleg at kvart helseføretak får? Svaret: Det kjem an på kven du spør.

For å kome fram til ei inntektsfordeling som blir akseptert over heile Vestlandet, samarbeider fag- og økonomidirektørar frå alle helseføretaka denne våren om ein ny inntektsmodell. Eller meir presist, med ei revidering av inntektsmodellen frå 2009. Fordi behandlingstilbodet, medisinsk teknologi og demografien på Vestlandet er i rask endring, er modellen allereie moden for ei oppgradering. Betre datamateriale frå sjukehusa gir oss dessutan eit betre grunnlag å byggje analysane på, enn for få år tilbake.

Målet for utvalet som nå reviderer inntektsmodellen, er å fordele 20 milliardar kroner så rettferdig som mogleg mellom dei fire helseføretaka. Til grunn ligg faktabaserte analyser av behov i befolkninga, tufta på statistikk om befolkningsstørrelse, alderssamansetning og sosiale tilhøve. Føretaka har også høgst ulike føresetnader for drift, blant anna grunna ulik busettingsgeografi og ulik grad av spesialisering ved sjukehusa. Nytt denne gongen er at vi forsøker å sjå nærare på utgifter knytt til ambulansar og pasienttransport. Alt saman for å sikre befolkninga same omfang og kvalitet i behandlingstilbodet uansett kor på Vestlandet dei bur.

Kvifor er så inntektsmodellen så viktig at han utløyser kroneteljing og finrekning år om anna? For å kunne gjere nødvendige investeringar, er det avgjerande at det enkelte helseføretaket har eit kostnadsnivå som ikkje overstig inntektene. Men samanliknar vi rekneskapa for dei fire helseføretaka våre, viser botnlinjene per i dag store utslag. Årsakene er samansette, men over tid er situasjonen lite tilfredsstillande for alle involverte. For vidare utvikling av spesialisthelsetenesta på Vestlandet er det vesentleg at alle føretaka skapar seg handlingsrom til investeringar gjennom økonomiske overskot på drifta. Denne innsikta ligg til grunn for arbeidet vi no gjer med inntektsmodellen.

Kva fasiten blir for sjukehusa i ditt helseføretak, er venta å vere klart 15. mai. Då skal den nye inntektsmodellen ut på høyring – forhåpentleg til bifall frå heile Vestlandet.

Vennleg helsing
Økonomi- og finansdirektør Per Karlsen, leiar av arbeidet med ny inntektsmodell for Helse Vest.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s