Rettvis fordeling av inntekter – er det mogleg?

Per KarlsenAlle sjukehus treng pengar til å behandle pasientar – men kor stor del av kaka er det rimeleg å gi til kvart helseføretak? Og på kva grunnlag? I Helse Vest blir fordelinga av 20 milliardar helsekroner nå gått gjennom på nytt.

«Darr e nok av de som telle på tal
som får sannhed ud som sum med desimal
Darr e nok av de som ikkje syns det e lett
som bare riste på håve når de ikkje vett»

frå ”De umulige”, Sigvart Dagsland/Gunnar Roalkvam

20 milliardar er ufatteleg mange kroner. Tenk på pengehaugen som kakestykke, så blir utfordringa vår tydelegare: Staten har gitt Helse Vest ei kake som skal delast ut til fire helseføretak (Førde, Bergen, Fonna og Stavanger). Spørsmålet er: Kor stort stykke er det rimeleg at kvart helseføretak får? Svaret: Det kjem an på kven du spør.

For å kome fram til ei inntektsfordeling som blir akseptert over heile Vestlandet, samarbeider fag- og økonomidirektørar frå alle helseføretaka denne våren om ein ny inntektsmodell. Eller meir presist, med ei revidering av inntektsmodellen frå 2009. Fordi behandlingstilbodet, medisinsk teknologi og demografien på Vestlandet er i rask endring, er modellen allereie moden for ei oppgradering. Betre datamateriale frå sjukehusa gir oss dessutan eit betre grunnlag å byggje analysane på, enn for få år tilbake.

Målet for utvalet som nå reviderer inntektsmodellen, er å fordele 20 milliardar kroner så rettferdig som mogleg mellom dei fire helseføretaka. Til grunn ligg faktabaserte analyser av behov i befolkninga, tufta på statistikk om befolkningsstørrelse, alderssamansetning og sosiale tilhøve. Føretaka har også høgst ulike føresetnader for drift, blant anna grunna ulik busettingsgeografi og ulik grad av spesialisering ved sjukehusa. Nytt denne gongen er at vi forsøker å sjå nærare på utgifter knytt til ambulansar og pasienttransport. Alt saman for å sikre befolkninga same omfang og kvalitet i behandlingstilbodet uansett kor på Vestlandet dei bur.

Kvifor er så inntektsmodellen så viktig at han utløyser kroneteljing og finrekning år om anna? For å kunne gjere nødvendige investeringar, er det avgjerande at det enkelte helseføretaket har eit kostnadsnivå som ikkje overstig inntektene. Men samanliknar vi rekneskapa for dei fire helseføretaka våre, viser botnlinjene per i dag store utslag. Årsakene er samansette, men over tid er situasjonen lite tilfredsstillande for alle involverte. For vidare utvikling av spesialisthelsetenesta på Vestlandet er det vesentleg at alle føretaka skapar seg handlingsrom til investeringar gjennom økonomiske overskot på drifta. Denne innsikta ligg til grunn for arbeidet vi no gjer med inntektsmodellen.

Kva fasiten blir for sjukehusa i ditt helseføretak, er venta å vere klart 15. mai. Då skal den nye inntektsmodellen ut på høyring – forhåpentleg til bifall frå heile Vestlandet.

Vennleg helsing
Økonomi- og finansdirektør Per Karlsen, leiar av arbeidet med ny inntektsmodell for Helse Vest.

Paul Chaffey om innovasjon og Helse Vest

Paul ChaffeyNæringslivsmann, tidlegare politikar og samfunnsdebattant Paul Chaffey bloggar om spesialisthelsetenesta på Vestlandet.

Av Paul Chaffey, administrerande direktør i Abelia

Paul Chaffey, leiar for kunnskaps- og teknologiorganisasjonen Abelia, har på bloggen sin skrive eit lengre innlegg om Helse Vest, ambisiøse målsetjingar for sjukehusa på Vestlandet og innovasjonskultur.

Eit interessant blikk på Helse Vest og helseføretaka frå ein austlending med sterk interesse for globalisering, innovasjon, forsking og teknologi.

Les i «Chaffeys blogg»

Ambisiøse helsemål

Herlof Nilssen10 år etter innføringa av helsereforma, er sjukehusa på Vestlandet best drifta i landet. Eit ypparleg utgangspunkt for å legge lista på øvste hakk for kvaliteten på pasientbehandlinga.

Av Herlof Nilssen, administerande direktør

Eitt tal er viktigare å ha med seg enn alle andre frå sjukehusåret vi har lagt bak oss.

14 prosent.

Så stor del  av behandlingane ved sjukehusa på Vestlandet fører til skade på pasienten grunna behandling eller mangel på behandling. Omrekna betyr det 69 pasientskadar kvar dag. Ifølgje fagfolk kunne halvparten – 35 skadar kvar dag – vore unngått. Tiltaka kjenner vi: Betre rutinar, høgare kompetanse og tettare samarbeid.

Lukkelegvis har ingen region betre føresetnader enn Helse Vest for å lukkast.

Sjukehusa på Vestlandet er samla sett anten best, eller blant dei aller fremste, på ventetider, fristbrot,  behandlingsaktivitet, sjukefråvær, forsking, IKT, investeringar og økonomisk drift.
Desse prestasjonane gir oss eit unikt fundament for å nå vårt verkeleg hårete mål for åra fram mot 2020: Ei storstilt satsing på heving av kvaliteten på behandlinga – til pasientane på Vestlandet sitt beste.

Etter å ha vore i emning i nokre år, blir kvalitetssatsinga i Helse Vest rulla ut på brei front i 2012. Ei lang rekkje forskingsbaserte tiltak er utprøvd og no klare for å bli sette i verk på sjukehus frå Egersund i sør til Eid i nord.

Kva målet er? Gitt den imponerande framgangen sjukehusa på Vestlandet har oppnådd dei siste 10 åra, meiner eg at vi – 26.000 medarbeidarar – bør ha sjølvtillit til å utfordre kvarandre på følgjande:

  • Klarer vi innan fem år å halvere talet på alle pasientskadar som kunne vore forhindra?
  • Klarer vi innan fem år å heilt unngå pasientdødsfall som kunne vore forhindra?
  • Klarer vi samtidig å gjera alle ventetider til historie, og i staden skape eit system der pasienten får oppgitt konkret behandlingsdato i det han eller ho blir tilvist til sjukehus?

Sjølv veit eg at vi har medarbeidarane, kompetansen, driftssystema og pasientfokuset til å lukkast med vårt ambisiøse mål: Å unngå 17 pasientskadar kvar dag – 6.500 kvart år.

Eg gler meg til å ta fatt på oppgåva saman med alle medarbeidarane!

Vennleg helsing Herlof Nilssen, administrerande direktør, Helse Vest RHF.