Gratulerer med 10 gode år!

Herlof NilssenMedarbeidarane i sjukehusa på Vestlandet har bidrege til at vi dag gir eit mykje større og betre behandlingstilbod enn då helsereforma blei innført for 10 år sidan.

Av Herlof Nilssen, administrerande direktør

”Beste sjukehusår nokon gong”, var overskrifta då Helse Vest RHF nyleg presenterte fjorårsresultata for sjukehusa på Vestlandet. Ser vi 10 år tilbake, til den gongen helsereforma blei innført, er prestasjonane endå meir imponerande: Spesialisthelsetenesta på Vestlandet har nett avrunda det beste sjukehustiåret nokon gong, og står i dag fram som beste helseregion i landet. Høyr berre:

For 10 år sidan låg ventetidene på 214 dagar i snitt – i dag er dei kutta med to tredeler, til 69 dagar (snitt for alle fagområde per desember 2011). I same periode har omfanget av pasientbehandlinga auka med 50 prosent målt i tal på konsultasjonar. Korridorpasientar og fristbrot er betydeleg redusert, mens investeringane i nye sjukehusbygg, nytt teknologisk utstyr og ny forsking i år set solid rekord: Totalt 1,6 milliardar kroner, opp nesten ein milliard frå 2003. Det siste er mogleg grunna solid drift, som har snudd underskot på ein halv milliard så seint som i 2004 til overskot på 427 millionar kroner i 2011.

Andre grunnar til å gratulere: Sjukemeldt sjukefråvær for nær 26.000 medarbeidarar på Vestlandet har gått ned frå totalt 9,6 prosent til 6,36 prosent. Målet om 20 prosent reduksjon i deltid skal vi nå i år. Dei nær 43.000 e-læringskursa som blei gjennomført av dykk medarbeidarar i fjor, er bevis på at sjukehusa satsar tungt på kompetanseutvikling og IKT. Helse Vest har den høgste forskingsproduksjonen i landet utanfor Oslo, er leiande i offentleg sektor på elektronisk handel, og innførte i fjor elektronisk pasientjournal (EPJ) ved alle sjukehus.

Det siste illustrerer godt kva handlekraft Helse Vest har utvikla på desse 10 hektiske leveåra. Innføringa av EPJ har kravd innsats frå 2000 prosjektdeltakarar og over 20.000 medarbeidarar har fått opplæring i datasystema. Førre halvår blei det konvertert kring 2 000 000 journalar og 50 000 000 journaldokument i systemet. Alt for å auke pasienttryggleiken og skape meir helse og livskvalitet for kvar krone.

Eg minner om at framgangen har skjedd parallelt med at sjukehusa har blitt tilført ei rekkje nye, krevjande oppgåver som rusomsorg, fedmeoperasjonar og pasientreiser.

Prestasjonane gjennom desse ti åra har lagt eit solid fundament for å ta neste, ambisiøse skritt: Fram mot 2020 skal sjukehusa på Vestlandet gjennom ei omfattande heving av kvaliteten på behandlinga – til pasienten sitt beste.

Meir om denne spanande satsinga i neste veke, men no: Mange takk for innsatsen!

Stolt helsing Herlof Nilssen, administrerande direktør, Helse Vest RHF.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s