Ein ny start for Nordfjord – og lokalsjukehuset

Odd SøreideNo går starten for utviklingsprosjektet som skal gi Nordfjord og Noreg eit lokalsjukehus for framtida, skriv Odd Søreide i denne bloggen.

Av Odd Søreide

”Framtidas lokalsjukehus” er både arbeidstittel og målsetting for utviklingsprosjektet som sist fredag starta opp på Nordfjordeid i Sogn og Fjordane. At første prosjektmøte blei halde på Nordfjordeid, er eit signal om at prosjektet ønskjer å samarbeide tett med kommunane, sjukehuset og medarbeidarane der. At vi ønskjer ein ny start for Nordfjord.

Undervegs vil prosjektet bli følgd med interesse frå resten av Helse-Noreg. Kvifor? Fordi utviklinga av lokalsjukehus landet over er meint å bli delvis tufta på erfaringane frå pilotprosjektet i Nordfjord.

Eit nytt kapittel skal altså skrivast i den 75 år lange soga om Nordfjord sjukehus. Behandlingstilbodet som nå skal utformast, har som mål å sikre innbyggjarane i regionen tilgang til ei spesialisthelseteneste som har vakse seg uhyre kompleks, avansert og ressurskrevjande. Alle tilbod kan ikkje givast ved Nordfjord sjukehus; med omsyn til både kvalitet, pasienttryggleik og samfunnet sin ressursbruk må behandlingstilbodet rettast mot lidingar der store nok pasientgrupper og behandlingskompetanse finst lokalt. Oppsummeringa er at vi må desentralisere til lokalsjukehusa dei behandlingstilboda vi kan, og sentralisere til større sjukehus det vi må.

Det har blitt hevda at Nordfjord sjukehus skal leggjast ned. Dette er ikkje rett. Men utviklingsprosjektet har ikkje som utgangspunkt at alt skal bli som før. I alle sjukehus og helseføretak i Noreg skjer ei kontinuerleg utvikling. Tilpassing til framtida er ikkje ein trussel, men ein garanti for lenge leve.

Regjeringa har stilt 75 millionar kroner til disposisjon for utviklingsprosjektet. Vi som arbeider med å utvikle framtidas lokalsjukehus, skal informere Nordfjordregionen på ein open og truverdig måte undervegs. Informasjonsiveren kjenm blant anna fordi eg sist veke besøkte Nordfjord sjukehus, og merkte meg den store etterspurnaden etter informasjon frå medarbeidarane. For å unngå at utviklingsprosjektet skaper ny grobotn for uvisse, misforståingar og spekulasjonar, skal vi gjere vårt for å kommunisere fakta, tilgjengeleg og forståeleg for alle som engasjerer seg.

Det vil bli mange diskusjonar undervegs. Men meiningsutveksling og innspel må ikkje forvekslast med at prosjektet har konkludert: Utviklingsprosjektet må få bruke tida som er tilmålt for å finne dei beste løysningane for framtida.

Mykje nybrotsarbeid ventar  oss i Nordfjord, og spesielt  viktig er det å styrkje samarbeidet mellom kommunane og sjukehuset.

Ha ei utviklande veke!

Helsing
Odd Søreide, styringsgruppeleiar Utviklingsprosjekt ved Nordfjord sjukehus.