Ta kunnskapen i bruk!

Anne Grimstvedt KvalvikI spesialisthelsetenesta er vi gode til å finne ny og betre kunnskap. Vi er mindre flinke til å ta han i bruk.

Av Anne Grimstvedt Kvalvik, seniorrådgivar Helse Vest RHF

I år 1601 oppdaga sjømannen James Lancaster ein verdssensasjon. På denne tida førte mangelsjukdommen skjørbuk til at sjøfolk døydde som fluer på lengre reiser. Då Lancaster sette segl med fire skip i retning India, var det som å spele russisk rulett med liva til matrosane ombord.

Engelskmannen sin genistrek var at han baud mannskapet på eitt av skipa litt sitronjuice kvar dag: Halvveges til India var 110 av 278 sjøfolk på dei tre andre skipa daude av skjørbuk – av dei som fekk sitronjuice, var alle i live. Botemiddelet mot skjørbukens forbanning var oppdaga.

Og her kjem eg til poenget: Trass i Lancaster si oppdaging, skulle det gå 194 år før sitrusfrukt blei innført som del av dietten i den britiske marinen. Ytterlegare 70 år før den britiske handelsflåta følgde etter. Effekten av sitrusfrukt hadde då vore kjend i 264 år.

Så kva har vi lært av Sir James Lancaster? At sjølv livreddande kunnskap i seg sjølv ikkje utløyser endring eller kvalitetsforbetring. Slik forbetring består ofte i å fylle gapet mellom det vi veit at vi bør gjere, og handlingane vi faktisk utfører.

Her heime har journalgransking nyleg vist at kvar sjuande pasient på norske sjukehus blir påført skade grunna helsetenesta sine ytingar eller mangel på ytingar. Ikkje alle skadane kan hindrast – effektiv behandling fører jo ofte med seg risiko. Men vi reknar at halvparten av skadane er mogleg å unngå.

No tek spesialisthelsetenesta affære, gjennom kvalitetssatsinga og pasienttryggleikskampanjen ”I trygge hender”. Aldri før har sjukehusa jobba så breitt og målretta med kvalitetsforbetring. Vi har prosjekt kring riktig bruk av legemiddel, tiltak for å lære av feil, rutinar for å sikre god handhygiene, og opplæring i litteratursøk for å kome fram til nye retningsliner for behandling. Mange medarbeidarar legg ned ein stor innsats, mange fleire tiltak er undervegs.

Vidunderleg medisinsk forsking flytter grensene for kva som er mogleg. Men vi treng også kompetanse om korleis vi skal omsetje kunnskapen til praksis – jamfør historia om Sir James Lancaster og sitronjuicen. Slike problemstillingar inngår i økonomi- og leiingsfaga, men ikkje i helsefagutdanninga. I Kvalitetssatsinga inngår derfor skolering av helsepersonell i endringsleiing.

Vi kan jo ikkje vente i 264 år.

Ha ei god kvalitetsveke!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s