Portalen inn i det ukjende

Roar OlsenAlle helsetilbod i landet og all tenkjeleg helseinformasjon – samla i ei nasjonal nettside: Vi har begynt bygginga av ditt ”Altinn for Helse-Noreg”.

Av Avdelingsdirektør Roar Olsen, helsenorge.no

Fire av fem nordmenn bruker internett for å leite etter helseopplysningar. Men kor mange av oss finn eigentleg fram? Ein jungel av nettstader byr på diagnostisering av eigen sjukdom, vegvisarar til sjukehustilbod, rettleiing i pasientrettar, private behandlingstilbod og bytte av fastlege. For å nemne noko.

Som individ klikkar vi oss inn i problematisk terreng. Med eit slikt vell av informasjonskjelder, kven skal vi stole på? Finn vi i det heile tatt fram til informasjonen vi søkjer i villnisset? Og om vi gjer det: Har vi googla oss til ein usolidarisk helsefordel ovanfor stakkarane som slurar i krabbefeltet på informasjonsmotorvegen?

Svara er ikkje opp til meg å gi. Men vi arbeider med løysinga. 1. juni i år blei nettstaden http://www.helsenorge.no/ lansert av helseministeren. Ambisjonen vår er å lage ein felles inngangsport til all helseinformasjon og alle helsetenester i landet – på internett. Eit Altinn for Helse- Noreg, rett og slett.

Vi veit at pasientar og pårørande opplever helsevesenet som fragmentert og særs usamanhengande. Helsenorge.no skal bøte på dette ved å lage ein felles inngang til både spesialisthelsetenesta (sjukehusa) og primærhelsetenesta (fastlegar og kommunale helsetilbod).

Helsenorge.no byr per i dag på informasjon om sjukdom og behandling, råd om kosthald og trening, pasientrettar og standard behandlingsforløp. Alt saman viktig, men langt frå revolusjonerande informasjon på internett. Men: Allereie no i desember lanserer vi to sjølvbetjeningsfunksjonar som er unike for helsenorge.no: Mine eigendelar – ”Mine egenandeler” og mine vaksinar – ”Mine vaksinar”. Du kan då logge deg på helsenorge.no slik du gjer for å registrere sjølvmeldinga på altinn.no, og få elektronisk oversikt over dine eigendelar og vaksinar.

Samtidig arebider vi på høggir for å få på plass sjølvbetjeningsfunksjonar som elektronisk timebestilling hos fastlege, konsultasjon med lege gjennom kryptert e-post, og på litt lengre sikt: Elektronisk innsyn i din eigen pasientjournal, dine prøvesvar, tilvisingar og epikriser. For deg som pasient betyr dette radikalt mye betre oversikt over eigen helse, eigne behandlingar og eigen medisinering enn tilfellet er i dag.

Legg til at helsenorge.no også arbeider med avanserte søkefunksjonar som kombinerer søk på sjukehus, kommunehelseteneste eller fastlege, sjukdom og kvalitetsindikatorar, og det står klart at satsinga inneber eit vegskille for både pasientar og helseteneste.
Høggir ja, men jobben er krevjande. Vi arbeider no med å setje oss mål for dei fem neste åra, men lovar spennande, nye funksjonar på helsenorge.no allereie i 2012.

Riktig god advent!

Roar Olsen er tidlegare leiar for Altinn, no nytilsett leiar for helsenorge.no

Ta kunnskapen i bruk!

Anne Grimstvedt KvalvikI spesialisthelsetenesta er vi gode til å finne ny og betre kunnskap. Vi er mindre flinke til å ta han i bruk.

Av Anne Grimstvedt Kvalvik, seniorrådgivar Helse Vest RHF

I år 1601 oppdaga sjømannen James Lancaster ein verdssensasjon. På denne tida førte mangelsjukdommen skjørbuk til at sjøfolk døydde som fluer på lengre reiser. Då Lancaster sette segl med fire skip i retning India, var det som å spele russisk rulett med liva til matrosane ombord.

Engelskmannen sin genistrek var at han baud mannskapet på eitt av skipa litt sitronjuice kvar dag: Halvveges til India var 110 av 278 sjøfolk på dei tre andre skipa daude av skjørbuk – av dei som fekk sitronjuice, var alle i live. Botemiddelet mot skjørbukens forbanning var oppdaga.

Og her kjem eg til poenget: Trass i Lancaster si oppdaging, skulle det gå 194 år før sitrusfrukt blei innført som del av dietten i den britiske marinen. Ytterlegare 70 år før den britiske handelsflåta følgde etter. Effekten av sitrusfrukt hadde då vore kjend i 264 år.

Så kva har vi lært av Sir James Lancaster? At sjølv livreddande kunnskap i seg sjølv ikkje utløyser endring eller kvalitetsforbetring. Slik forbetring består ofte i å fylle gapet mellom det vi veit at vi bør gjere, og handlingane vi faktisk utfører.

Her heime har journalgransking nyleg vist at kvar sjuande pasient på norske sjukehus blir påført skade grunna helsetenesta sine ytingar eller mangel på ytingar. Ikkje alle skadane kan hindrast – effektiv behandling fører jo ofte med seg risiko. Men vi reknar at halvparten av skadane er mogleg å unngå.

No tek spesialisthelsetenesta affære, gjennom kvalitetssatsinga og pasienttryggleikskampanjen ”I trygge hender”. Aldri før har sjukehusa jobba så breitt og målretta med kvalitetsforbetring. Vi har prosjekt kring riktig bruk av legemiddel, tiltak for å lære av feil, rutinar for å sikre god handhygiene, og opplæring i litteratursøk for å kome fram til nye retningsliner for behandling. Mange medarbeidarar legg ned ein stor innsats, mange fleire tiltak er undervegs.

Vidunderleg medisinsk forsking flytter grensene for kva som er mogleg. Men vi treng også kompetanse om korleis vi skal omsetje kunnskapen til praksis – jamfør historia om Sir James Lancaster og sitronjuicen. Slike problemstillingar inngår i økonomi- og leiingsfaga, men ikkje i helsefagutdanninga. I Kvalitetssatsinga inngår derfor skolering av helsepersonell i endringsleiing.

Vi kan jo ikkje vente i 264 år.

Ha ei god kvalitetsveke!

Ute å køyre

Per KarlsenSpørsmål: Kor langt kan du køyre taxi for 186 millionar kroner? Svar: Særs mye kortare enn i buss.

Av Per Karlsen, økonomidirektør Helse Vest RHF

Så du trur at ambulansen med ulande blålys er den vanlegaste framkomstmåte for pasientar på veg til sjukehus? Tru om att. Pasientar flest køyrer taxi.

For sjukehusa er taxien eit fleksibelt transporttilbod vi tek i bruk når det trengst og der det trengst. For pasienten er drosjereisa behageleg og effektiv. Men taksameteret spinn fort. Det akselererer, faktisk. I fjor brukte Helse Vest 186 millionar kroner på pasient-taxi – og for kvart år skyt takstane veldig mye raskare til vêrs på Vestlandet enn andre stader. Her er kva Riksrevisjonen fann i fjor:

  • Takstane innanfor Helse Vest ligg 29 prosent over landssnittet.
  • Frå 2007 til 2009 auka utgiftene til pasienttransport fire gonger meir i Helse Vest enn i Helse Nord.

I Helse Førde, helseføretaket vårt med lengst avstandar, færrast folk og minst konkurranse om kundane, bruker kvar innbyggar i snitt 543 kroner på pasienttaxi. I Helse Bergen såg ein seg nyleg tvungen til å avlyse ein priskonkurranse: Målt mot førre avtale var kilometerprisane i snitt dobla, og minsteprisen var auka med 414 prosent.

Konkurransen i taxinæringa er tydeleg ikkje tøff nok. Så kva gjer vi i Helse Vest? Satsar kollektivt!

Etter at sjukehusa for tre år sidan overtok ansvaret for refusjon av pasienttransport frå NAV, har vi rydda unna langdryg saksbehandling. No står vi klare til å ta neste steg: Vidareutvikle pasienttransporten slik at han sluker færre millionar. Helsekronene skal som kjent helst nyttast til å behandle pasientane, ikkje transportere dei.

”Helsekronene skal som kjent helst nyttast til
å behandle pasientane, ikkje transportere dei”

I hjulspora til Helse Midt-Noreg, startar vi over nyttår opp eit prosjekt der målet er betre pasienttransport og akseptable kostnader. I Midt-Noreg har ein stadvis flytta ein stor del av pasienttransporten frå taxi over på minibuss. Når eitt kjøretøy og ein sjåfør fraktar fleire pasientar i slengen, gir det seg sjølv at kostnadene per pasient stuper.

Rett nok krev samkøyring i minibuss ei heilt anna planlegging av reisene enn i dag, men dette kan kombinerast med effektivisert saksbehandling av refusjon og bestilling.

Kva følgjer endringane får for pasienten? Vidare utsyn, selskap i passasjersetet – og om bussjåførane på Vestlandet er like serviceinnstilte som i Midt-Noreg: Fersk avis og varm kaffi.

God tur heim frå sjukehuset!

Økonomidirektør Per Karlsen, Helse Vest RHF.

Stopp en hal! Kva er det som skjer?

Lars VorlandTalet på sjukehuspasientar veks mange gonger raskare enn befolkningsutviklinga skulle tilseie. Samfunnet si berekraft står på spel, på tide å kikke oss sjølv nærare i korta!

Av Lars Vorland, administrerande direktør Helse Nord RHF

Mens media skriv om ventetider som sakte går nedover, aukar straumen av pasientar til norske sjukehus i skremmande fart. Det siste året (frå juli til juli) har utviklinga i etterspurnaden etter helsetenester vore slik:

  • 7  prosent fleire nye tilviste pasientar
  • 9 prosent fleire pasientar har fått igangsett helsehjelp

Samtidig vitnar stadig kortare ventetider og færre fristbrot om at det samla spesialisthelsetilbodet til befolkninga aldri har vore betre. Men stopp en hal! Er dette berre bra? Kvifor blir så mange fleire tilvist til sjukehus, og kva er årsaka til dette? Blir vi så mykje meir sjuke enn i fjor? Og kanskje mest skremmande: Kor lenge kan veksten halde fram i denne takta før det rammar berekrafta i landet vårt?

Når veksten i etterspurnad gjer at spesialisthelsetenesta legg band på stadig større ressursar, et vi samstundes ein aukande del av samfunnskaka. Politikerane sine moglegheiter for å prioritere andre samfunnsområde som er viktige for oss, blir tilsvarande redusert. Nasjonen Noreg skulle gjerne satsa meir på forsking, utdanning og oppvekstvilkår. Det er tverrpolitisk semje om behovet for betre vegar og jernbane, slik at næringslivet kan skape ressursane som skal fordelast på fellesskapet.

Vekst i folketalet og ei raskt esande gruppe eldre auker etterspurnaden etter helsetenestar, men dette skulle gi ei auke på om lag 1,5 prosent frå eitt år til det neste. Fasiten syner altså veksten i etterspurnad etter  helsetenestar er nærare 10 prosent. Det  er dramatisk.

Samhandlingsreforma som trer i kraft frå nyttår, tek mål av seg til å gjere veksten i forbruk av helsetenester mindre bratt. Kommunar og helseføretak tek saman grep for å førebyggje innlegging, desentralisere behandling av folkesjukdommar, og sentralisere behandlingsformer som krev store ressursar.

Men: Vi har mye å hente på andre område også. Den enorme variasjonen i fastlegar sin tilvisingspraksis, let seg ikkje forklare ut frå medisinske forhold. Andre forhold enn symptom og behandlingsbehov speler altså inn på kven og kor mange som blir tilviste til sjukehus. Så lenge praksisen er slik, når ikkje spesialisthelsetenesta målet om å yte eit likeverdig helsetilbod til alle.

I respekt for ressursane vi forvaltar og måten vi påverkar prioriteringar i resten av samfunnet, må vi i helsetenesta kikke oss sjølve nærare i korta.

Til beste for oss alle.

Med ønskje om ei aktiv veke!

Med helsing
Lars H. Vorland, administrerende direktør i Helse Nord RHF.