Skreddarsaum i rekordfart

Baard-Christian SchemKravet om kreftbehandling innan 20 verkedagar er ein unik moglegheit – til å utvikle raskare rutiner i heile spesialisthelsetenesta.

Av Baard-Christian Schem, fagdirektør

I bloggen sist veke (link!) skisserte eg korleis kravet om kreftbehandling innan 20 verkedagar betyr at sjukehusa må organisere behandlinga på ein radikalt annleis og meir effektiv måte.

La meg no forklare kvifor følgjande tre tiltak skil seg ut som særleg effektive:

Meir effektiv informasjonsflyt
For å rekkje å starte kreftbehandling innan 20 verkedagar frå tilvising, må all tilgjengeleg informasjon flyte raskare gjennom alle ledd. Både pasient og pasientinformasjon må ofte gjennom mange ledd, kanskje ved fleire sjukehus. Tap av 1-2 døgn i kvart ledd kan samla bli veker. Venting på pasientopplysningar, undersøkingar, beskrivingar av undersøkingar, svarsignering og skriveteneste må radikalt ned.

Innføring av pasientkoordinatorar
Kreftpasientar må gjerne undersøkjast ved ei mengd ulike einingar. For å overhalde 20-dagarsregelen er det avgjerande at undersøkingane blir koordinert og bestilt samla frå start. Dette skjer alt for sjeldan i dag. Denne oppgåva krev personell med innsikt i dei ulike typar diagnostikk og behandling, slik at dei kan koordinere alle undersøkingar og førebuingar.

Betre og langt raskare dokumentasjon i journal
For at alle som deltek i utgreiing og behandling skal opptre som eit lag, er det nødvendig at alle viktige vurderingar, val, avgjerder og beskjeder blir førte raskt inn i journalen. Alle må heile tida tenkje: Kva veit eg om denne pasienten som dei andre eg samarbeider med, må vete?

Om vi kjem i mål med desse tiltaka? Det kjem an på kva pasientgrupper som skal omfattast av 20-dagarsregelen. Pasientar som blir tilviste til sjukehus der det er svært sannsynleg at dei har ein kreftsjukdom, har allereie i dag gode moglegheiter for rask behandling. Utfordringane er langt større for pasientar som blir tilviste med symptom som kan tenkjast å vere kreft, men der det er meir sannsynleg at dei har andre diagnosar. I slike høve må ei mengd komplekse eventualitetar sjekkast ut. Då er 20 verkedagar knapt.

Om koordineringsoppgåva som ligg framfor oss synest formidabel, så er vinsten deretter: Håpet er at erfaringane vi haustar skal kunne overførast til andre tidskritiske pasientgrupper med kompliserte utgreiinger. Og: Sjølv om raskare behandling skulle føre til berre ein liten prosentvis auke i talet på pasientar som blir helbreda, tilseier dette i Noreg fleire hundre pasientar kvart år. Auka i talet på pasientar og pårørande som opplever at sjukehusa verkeleg ytte maksimalt då nauda var størst, vil vere endå større.

Det bør vere motiverande!

Helsing Baard-Christian Schem, fagdirektør Helse Vest RHF

Fire veker som må endre sjukehuset

Baard-Christian SchemLøftet om kreftbehandling innan 20 verkedagar er ei formidabel utfordring – som krev radikal omorganisering i sjukehusa.

Av Baard-Christian Schem, fagdirektør

Aldri har fleire nordmenn fått kreft – meir enn 25 000 får diagnosen kvart år. Aldri har fleire overlevd sjukdommen – rundt 200.000 lever i dag vidare etter minst ei kreftdiagnose.

Utviklinga peikar vidare i same retning: Meir kreft, fleire overlevande. Det første blant anna fordi vi lever lengre, det siste er mogleg takka vere mange små steg i rett retning innanfor forsking, diagnostikk, behandling og organisering av helsetenesta. Kreftbehandling blir stadig meir skreddarsaum, med presise diagnosar og behandling tilpassa akkuat den kreftsjukdommen og den utbreiinga av kreftsjukdommen pasienten har. Dette aukar sjansen for at pasienten overlever med mindre biverknader, men gjer forløpet gjennom sjukehusa langt meir komplisert enn før.

Skreddarsaumen er ei viktig årsak til eit stort problem: Mange pasientar må vente for lenge før dei startar behandling. Uansett kor stor eller liten konsekvens dette har for behandlingsresultatet, er denne ventinga ei stor belastning på pasient og pårørande, og gjer ofte at eit langt pasientforløp ofte kjem ”skeivt ut” frå starten.

I sommar lova statsminister Jens Stoltenberg at pasientar med kreft skal starte behandling seinast 20 verkedagar etter at spesialisthelsetenesta har motteke tilvisinga. Målet er at dette skal gjelde minst 80 % av pasientane, og at lengre venting kun er akseptabel der utgreiinga er særleg komplisert. I praksis betyr det at spesialisthelsetenesta må organisere arbeidet radikalt annleis enn før. Eg meiner tre tiltak skil seg ut som særleg effektive:

  • Meir effektiv informasjonsflyt gjennom alle ledd, inkludert mellom sjukehusa.
  • Innføring av pasientkoordinatorar som ser til at undersøkingane skjer etter ein koordinert plan og blir bestilt samla frå start.
  • Betre og langt raskare dokumentasjon i pasientjournalane, slik at alle som deltek i behandling til ei kvar tid er fullt oppdatert.

Kvifor er desse tiltaka så radikale? Kva enorme utslag kan tiltaka få for kreftpasientane? Svara på desse spørsmåla bloggar eg om neste måndag.

Ha ei riktig god veke så lenge!

Helsing Baard-Christian Schem

Pengane eller helsetilbodet!

Herlof NilssenI Helse Vest er stabil drift med økonomisk overskot eit viktig mål: Berre slik får vi pengar til å byggje betre sjukehus og behandlingstilbod.

Av Herlof Nilssen, administrerande direktør Helse Vest RHF

I samfunnsdebatten blir vi i Helse Vest–leiinga titt skulda for å vere kjenslelause kalkulatorar, levande kulerammer som tel kroner i staden for å sette omsynet til pasientane først.

Her er sanninga: Utan ein solid økonomisk plattform, gode system og stabil drift, er vi ikkje i stand til å utvikle helsetenestene slik pasientane ønskjer og forventar.
Gi meg derfor to minutt til å forklare kvifor Helse Vest gjer lurt i å styre mot eit stabilt økonomisk plussresultat over tid.

Svært mange av sjukehusbygga i Noreg er så nedslitne at dei er modne for riving eller rehabilitering. Eit nødvendig, nytt sjukehus i Stavanger vil koste om lag fem milliardar kroner. Eit nytt barne- og ungdomssenter i Bergen vil koste ca 3,5 milliardar. For å fornye bygningar, medisinteknisk utstyr, IKT og ambulansebilar treng vi 1,5 milliardar kvart år. Kvar skal slike enorme beløp hentast frå? I spesialisthelsetenesta finst det berre eitt svar: Driftsbudsjettet.

Men vi kan vel ta opp lån? Vel, helseføretaka får berre lov å låne pengar av staten, og då berre til nokre få store prosjekt og berre til å dekke 50 % av kostnaden. Resten må vi hente frå overskotet på driftsbudsjettet.

Kvart år får Helse Vest tilført om lag 21 milliardar kroner frå staten. Så blir pengebingen stengt i eit år. Tek pengane slutt i mellomtida, må vi skru ned på aktiviteten ved sjukehusa. Og i motsett tilfelle: Står det pengar att på konto når året er omme, får vi behalda dei for å skape betre helsetenester dei neste åra. Ikkje ei krone av overskotet går til andre enn oss sjølve. For befolkninga er det økonomiske overskotet derfor livsviktig, fordi det gir oss fridom til å byggje betre sjukehus og fleire avdelingar, og investere i forsking og utstyr som gir betre behandling.

Vi kan takke det gode arbeidet som er lagt ned ved sjukehusa på Vestlandet for at Helse Vest går med aukande økonomisk overskot. At vi har kome hit, er ei lykke. Alternativet møter vi hyppig som skrekkhistorier i media: Sjukehus som etter år med driftsunderskot ikkje har råd til nødvendig oppgradering – noko som går ut over pasientane. Det må vi unngå.

Ha ei god veke!

Vennleg helsing Herlof Nilssen

Neste steg: Gi pasienten ein dato!

Liv Torunn RundhovdeAt dei generelle ventetidene går ned, er godt nytt. No håper eg sjukehusa tek utfordringa med å gi pasienten ein konkret behandlingsdato, skriv pasienthjelpar Liv Torunn Rundhovde.

Av Liv Torunn Rundhovde, Pasienthjelpar i Helse Vest

Bestiller du ei vare på internett, gir leverandøren deg ein kode som gjer det mogleg å spore pakka på vegen frå fabrikken, gjennom postgangen og fram til døra di. På denne måten blir du som kunde spart for unødig venting og bekymring. Du veit kva dag og tid pakka kjem, og kan nytte ventetida til andre gjeremål.

Som pasienthjelpar saknar eg eit liknande system for sjukehusa.

Haldepunktet du som pasient har for eigen behandlingsdato, er dette: Seinast 30 arbeidsdagar etter at søknad om behandling er sendt sjukehuset, har du rett på svar om prioritet og eventuell fristdato. Så byrjar uvissa for mange. Pasientar som har vore til undersøking hos spesialist må gjerne vente i månader utan aning om når dei kan vente seg behandling eller operasjon: Normalt sender sjukehusa ut innkalling først to-tre veker før inngrepet skal skje. Forklaringa er oftast at spesialistlegane sine vaktlister ikkje strekk seg lenger.

På grunn av dette må pasientane i slike tilfelle planlegge reising, organisere barnevakt og innhente jobbvikar på særs kort varsel. Samtidig blir ventetida opplevd som ekstra lang fordi pasienten ikkje har aning om når ho tek slutt.

Så kan vel pasienten nytte fritt sjukehusval? Jo visst. Men når pasienten ikkje kjenner sin plass i køen på det opphavlege sjukehuset, er det ikkje nødvendigvis betre å søkje om plass annan stad: Utan datoar å samanlikne, fins ingen tryggleik for at behandlingstida blir kortare der.

Som pasienthjelpar blir eg kvart år kontakta av rundt 2500 pasientar og pårørande på Vestlandet. I eit så komplekst system som spesialisthelsetenesta er det å forvente at mange treng hjelp for å finne fram. Men når det kjem til antatt dato for behandling, meiner eg at vi gjer det unødig vanskeleg for pasienten. Å ikkje få tilgang til denne informasjonen, burde vere unnataket, ikkje regelen som i dag.

Nå som dei generelle ventetidene ved sjukehusa går ned, kan neste steg kanskje vere å få på plass ein konkret behandlingsdato for pasienten?

I mellomtida: Takk til pasientar, pårørande og arbeidsgivarar for at dei er så tålmodige!

Liv Torunn Rundhovde, pasienthjelpar i Helse Vest og tidlegare oversjukepleiar.

Kontakt pasienthjelparen
Pasientar, pårørande, legar og institusjonar kan ta direkte kontakt med pasienthjelparen mellom klokka 08.00 og 15.00 på telefon 51 96 38 48 eller via gratis grønt nummer 800 41 005.