Noko å lære av orkesteret?

Baard-Christian SchemSkal pasientar få ein god flyt gjennom sjukehusbehandlinga, bør vi lære av orkesteret. Spele kvarandre gode, skriv fagdirektør og fiolinist Baard-Christian Schem.

Av Baard-Christian Schem, fagdirektør Helse Vest

Humøret mitt steig alltid bratt når orkesteret eg spelte fiolin i gav seg i kast med oratoriet Messias av Händel. Tenk at all denne eineståande musikken blei til på berre 24 seinsommardagar i 1741!

Ofte slo det meg og at orkesteret og sjukehuset har mye til felles. Begge stader speler mange individualistar i lag, med ulike instrument og varierande teknikkar. Begge stader skal mange forskjellige kulturar og interesser samordnast.

Der sluttar dessverre likskapen.

Frå første dag i orkesteret lærer ein at oppgåvene må løysast i fellesskap. Om ikkje, læt musikken forferdeleg. I orkesteret har eigne prestasjonar liten verdi, om ein ikkje opptrer som del av heilskapen. Alle musikarar har derfor eit auge på dirigenten, og eit på notearket. Eit øre på kva andre speler, eit på eigne tonar. Heile tida. Tempo og karakter blir justert fortløpande, slik at enkelttonar passar inn i heilskapen som utgjer verket. Hos ein dyktig musikar ligg samspel i ryggmargen.

Kontrasten er slåande til korleis mange pasientar opplever møtet med spesialisthelsetenesta. Mange fortel om gode møte med enkeltpersonar og avdelingar. Strålande soloprestasjonar. Men framdrifta i behandlinga er ofte rykkvis og ukoordinert. Frå utgreiing, via diagnostisering og kanskje fleire ulike behandlingar ved avdelingar på tvers av sjukehus og føretak. Kommunikasjonen mellom ulike fagfolk og avdelingar synest ofte å byggje for mye på munnleg kommunikasjon, og for lite på det skriftlege som alltid er tilgjengeleg. Som solistar er vi sjukehusfolk jamt særs gode, som orkester ville vi ofte prestert dårleg.

Musikarar har innsett at presist samspel krev massiv trening. Der har vi helsearbeidarar ein lang veg å gå. Sjukehusa er ikkje i mål sjølv om vi har fått på plass velutdanna folk i kvar instrumentgruppe (avdeling). Som orkesteret er vi og avhengige av gode noter (prosedyrar) og presist samspel.

I haust set sjukehusa på Vestlandet opp eit av våre mest komplekse stykke så langt. Vi skal starte opp behandling av pasientar med kreft seinast 20 verkedagar frå vi mottek henvisinga. Det krev ein heilt ny måte å tenkje på i møte med pasientar som skal ha komplisert utgreiing, noko som og seinare kan overførast til andre pasientgrupper. Oppgåva stiller høge krav til rask og presis koordinering.

Nett som i orkesteret.

Helsing Baard-Christian Schem, fagdirektør Helse Vest og tidlegare kreftoverlege i Helse Bergen.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s