Grønt sjukehus – miljøstyring i sjukehusa

Ivar Eriksen”Sjukehusa våre er blant dei største verksemdene på Vestlandet. Det gjer ein forskjell for miljøet når vi satsar grønt for framtida.” Ivar Eriksen bloggar om miljøsatsinga i Helse Vest.

Av Ivar Eriksen, eigardirektør Helse Vest RHF

Å drive miljøvennleg er blitt kvardagen i mange verksemder, også i spesialisthelsetenesta. I Helse Vest er vi stolte av å leie det store nasjonale miljø- og klimaprosjektet i spesialisthelsetenesta. Gjennom mottoet ’Grønt sjukehus’ skal vi dokumentere helseføretaka i Noreg sitt arbeid for å oppfylle dei nasjonale miljø- og klimamåla.

Dei siste åra er det blitt eit auka medvit om dei miljøbelastningane vi skapar i helsetenestene. Vi veit alle at godt leiarskap også på miljøsida er vesentleg for framtida og at gode tiltak må vere ein del av drifta vår, frå gjenvinning til etisk handel i ein global samanheng.

La meg ta det siste først: Arbeidet med grønare sjukehus har positiv innverknad på meir enn lokale tilhøve. På den årlege konferansen for miljøsatsinga som ble avvikla sist vår blei vi minte om rekkjevidda av det vi gjer no. Forskaren Dr. Joakim Larsson frå Gøteborg Universitet la fram forsking om legemidlar si påverknad på miljøet. Som eit døme viste han til studia frå område i India kor reinseanlegga frå legemiddelfabrikkar ikkje reinskar betre enn at store mengder legemidlar hamnar i elvar som er kjelda til drikkevatn for millionar av menneske i områda rundt.

Vi må ta ansvar globalt, like mye som lokalt. Vi må sikre at vi ikkje heller enn å fremje helse påfører omgjevnadene våre fleire helseproblem.

Prosjektet vi leier heiter ”Miljø- og klimatiltak i spesialisthelsetenesta”. Dette skal resultere i at alle helseføretaka i landet etablerer miljøstyringssystem innan 2015. Garantien din for at vi gjer jobben vår er sertifiseringa, ISO 14001, som skal på plass. Sertifiseringa skal sikre ein god praksis for ein føre var-politikk for den verknaden vi har på miljøet, og gi oss retninga for kva som er god miljøstying. Miljøstyring, eller miljøleiing, inneber å arbeide med miljøtiltak i ein kontinuerlig forbetringsprosess vi aldri kan setje til sides.

Meir konkret skal vi kartleggje vesentlege miljøfaktorar ved verksemdene våre, det vil seie korleis vi påverkar det ytre miljøet – vatn, jord og luft. Vi skal setje oss tydelege miljømål og vi skal drive ein forpliktande miljøpolitikk, med ringverknader utover oss sjølv. Etisk handel er eit heilt avgjerande område, også når det gjeld miljø. Innkjøpsmakta vår samla sett er betydeleg, og vi må bruke den makta til å påverke leverandørindustrien til å drive meir miljøvennleg.

Grønt sjukehus er spesialisthelsetenesta sitt svar på miljø- og klimautfordringane. Vi er klare for å møte framtida på den rette måten.

Ha ei riktig god veke!

Og du: Skulle du ville kikke oss nærare i korta og besøke idébanken vår for innskot og uttak, finn du meir informasjon på nettsida vår her.

Informasjonen må følgje pasienten

Erik HansenSlik det er i dag følgjer informasjon om pasientane i liten grad med gjennom helsetenestene. Skal vi ivareta pasienttryggleiken og sikre effektiviteten, må pasientinformasjonen følgje deg på vegen, skriv Erik M. Hansen i denne vekas blogg.

Av Erik M. Hansen, administrerande direktør i Helse Vest IKT

Tenk deg at du er blir utsett for ei ulykke mens du er på ei reise. Du er medvitslaus og kan ikkje svare legen på spørsmål om du er allergisk, om du tåler narkose, om du går på medisinar eller om du er blødar. Informasjon som berre er eit tastetrykk unna i ei digitalisert verd der legar har tilgang på dei beste verktøya innanfor kommunikasjon, tenkjer du kanskje. Slik er det ikkje.

Tilgangen til pasientdata er i dag styrt av organisasjonstilhøyrsle. Det betyr at helseinformasjon ikkje i tilstrekkeleg grad følgjer pasienten når ho eller han beveger seg mellom sjukehus, fastlege og pleie- og omsorgssektoren. Dagens lovverk og IKT-system kan, i verste fall, gjere informasjon som kan vere avgjerande for å stille korrekt diagnose utilgjengeleg for behandlande legar.

Samhandlingsreforma skal knytte tettare band mellom kommunar og helseføretak. Målet er å gjere avstanden mellom pasient og behandlingstilbod så kort som mogleg.  For å sikre dette må informasjonsflyten mellom sektorane i helsevesenet gli betydeleg lettare enn i dag. Ei nasjonal satsing på IKT for helse- og omsorgstenestene vil vere nødvendig.

La meg teikne utfordringa slik: Når samhandlinga mellom helseføretaka og kommunane blir sett ut i live frå 1. januar 2012, vil ein finne mange variasjonar frå kommune til kommune, også når det gjeld IKT. Kommunane og helseføretaka skal samarbeide slik at det blir teke høgde for det lokale utfordringsbiletet, samtidig som eins og trygg behandling for pasientane skal sikrast. I dette biletet må vi få bukt med at det får vekse fram ulike og dårleg integrerte system, og risikoen dette inneber. Samhandlingsreforma vil krevje auka standardisering, samordning og koordinering på IKT-sida.

Så kva gjer vi i dag? I Helse Vest er innføringa av felles elektronisk pasientjournal eit langt skritt på denne vegen. Og fleire tiltak blir sett i verk for å sikre helsepersonell nødvendig og relevant medisinsk informasjon om pasienten. Ved blant anna å opprette ein nasjonal kjernejournal vil behandlande helsepersonell enkelt få tilgang til grunnleggjande opplysningar om deg som pasient, for eksempel livbergande informasjon som medisinering og kontaktinformasjon til pårørande. Informasjonsflyten mellom organisasjonane i helse- og omsorgssektoren må dessutan gjerast enklare innanfor trygge rammer. Dette krev igjen at det nye regelverket som gir høve til tilgang til pasientdata på tvers av organisasjonar blir teke i bruk.

Utvikling av IKT-systemet i helsesektoren krev statleg finansiering og vil gå over fleire år. Arbeidet vil krevje tydeleg og samkjørt styring. Ei sterk felles nasjonal satsing på IKT, med dei nødvendige økonomiske rammene, vil vere heilt avgjerande for å sikre pasientar trygg og god behandling i åra som kjem.

Noko å lære av orkesteret?

Baard-Christian SchemSkal pasientar få ein god flyt gjennom sjukehusbehandlinga, bør vi lære av orkesteret. Spele kvarandre gode, skriv fagdirektør og fiolinist Baard-Christian Schem.

Av Baard-Christian Schem, fagdirektør Helse Vest

Humøret mitt steig alltid bratt når orkesteret eg spelte fiolin i gav seg i kast med oratoriet Messias av Händel. Tenk at all denne eineståande musikken blei til på berre 24 seinsommardagar i 1741!

Ofte slo det meg og at orkesteret og sjukehuset har mye til felles. Begge stader speler mange individualistar i lag, med ulike instrument og varierande teknikkar. Begge stader skal mange forskjellige kulturar og interesser samordnast.

Der sluttar dessverre likskapen.

Frå første dag i orkesteret lærer ein at oppgåvene må løysast i fellesskap. Om ikkje, læt musikken forferdeleg. I orkesteret har eigne prestasjonar liten verdi, om ein ikkje opptrer som del av heilskapen. Alle musikarar har derfor eit auge på dirigenten, og eit på notearket. Eit øre på kva andre speler, eit på eigne tonar. Heile tida. Tempo og karakter blir justert fortløpande, slik at enkelttonar passar inn i heilskapen som utgjer verket. Hos ein dyktig musikar ligg samspel i ryggmargen.

Kontrasten er slåande til korleis mange pasientar opplever møtet med spesialisthelsetenesta. Mange fortel om gode møte med enkeltpersonar og avdelingar. Strålande soloprestasjonar. Men framdrifta i behandlinga er ofte rykkvis og ukoordinert. Frå utgreiing, via diagnostisering og kanskje fleire ulike behandlingar ved avdelingar på tvers av sjukehus og føretak. Kommunikasjonen mellom ulike fagfolk og avdelingar synest ofte å byggje for mye på munnleg kommunikasjon, og for lite på det skriftlege som alltid er tilgjengeleg. Som solistar er vi sjukehusfolk jamt særs gode, som orkester ville vi ofte prestert dårleg.

Musikarar har innsett at presist samspel krev massiv trening. Der har vi helsearbeidarar ein lang veg å gå. Sjukehusa er ikkje i mål sjølv om vi har fått på plass velutdanna folk i kvar instrumentgruppe (avdeling). Som orkesteret er vi og avhengige av gode noter (prosedyrar) og presist samspel.

I haust set sjukehusa på Vestlandet opp eit av våre mest komplekse stykke så langt. Vi skal starte opp behandling av pasientar med kreft seinast 20 verkedagar frå vi mottek henvisinga. Det krev ein heilt ny måte å tenkje på i møte med pasientar som skal ha komplisert utgreiing, noko som og seinare kan overførast til andre pasientgrupper. Oppgåva stiller høge krav til rask og presis koordinering.

Nett som i orkesteret.

Helsing Baard-Christian Schem, fagdirektør Helse Vest og tidlegare kreftoverlege i Helse Bergen.

Nærare for mange – sentralisert for dei få

Oddvard NilsenI 2020 skal Helse Vest levere eit enda betre helsetilbod nærare der du bur. Men dei mest avanserte behandlingane må i større grad samlast sentralt.
 
Av Oddvard Nilsen, styreleiar i Helse Vest RHF

Om ein skal tru det tilspissa ordskiftet i ymse medier, risikerer vestlendingar i framtida å måtte reise den lange vegen til Bergen eller Stavanger for å få spesialiserte helsetenester. Sanninga er ei heilt anna.

Helse 2020 – strategien for utviklinga av sjukehustilbodet på Vestlandet – er særs tydeleg på at dei store og veksande pasientgruppene framover skal få tilgang til fleire spesialiserte helsetenester nærare eigen bustad. Samhandlingsreforma peiker i same retning, ved at ein del helsetenester som i dag blir gitt ved sjukehusa, blir overførte til kommunane.

Det ligg mye fornuft i å desentralisere behandlingstilbodet for såkalla folkesjukdommar som kols, diabetes, Alzheimer, sjukleg overvekt, rusmisbruk, kreft og psykiske og kroniske lidingar: For store pasientgrupper gir det kortare reisetid, mindre fråvær frå nærmiljøet og lettare innsikt i behandlinga. For lokalsjukehusa betyr omlegginga  at ressursane i større grad blir brukt til aktiv behandling, i staden for passive vaktordningar knytt til sjeldnare sjukdomstilfelle. For lokalsamfunnet gir desentraliseringa tryggleik og arbeidsplassar, og for dei store sjukehusa frigir dette kapasitet til meir kompliserte, ressurskrevjande og spesialiserte behandlingsformar.

Til det siste: Dei seinare åra har sjansen for å overleve alvorlige lidingar auka kraftig. Sjukdommar som for få år sidan blei rekna som svært dødelege, lever mange i dag vidare med. Ei hovudårsak er meir avansert behandling. Skal Helse Vest fortsetje denne utviklinga, fortel Helse2020 oss at vi må få på plass tre faktorar:  

  • Robuste og kompetente fagmiljø som arenaer for vidareutvikling og læring
  • Høgteknologisk og kostbart medisinsk behandlingsutstyr
  • Større konsentrasjon av pasientgrupper

La meg forklare: Ettersom vi tek i bruk meir avanserte behandlingsformer og aukar kravet til pasienttryggleik, treng spesialistane hyppig trening og kostbart utstyr for å halde oppe spisskompetansen. I eit tynt busett land, er løysinga sentralisering: Berre slik kan vi samle nok pasientar til same type behandling, skape store nok fagmiljø, og utnytte kostbar behandlingsteknologi maksimalt.

I røynda strekkjer vi oss altså mot to mål: Å gi behandling lokalt for dei som kan, kombinert med behandling sentralt for dei som må. Skal vi lykkast, krev det at 30.000 medarbeidarar og ein million vestlendingar viser vilje til endring – fordi det gagnar dei som treng behandling.

Med ønske om ei god veke,

Oddvard Nilsen