År 2020 – her og no!

Herlof NilssenÅ tilby sjukehustenester i framtida byr på store utfordringar. Helse Vest har førebudd seg særs godt, skriv Herlof Nilssen i denne vekas blogg.

Av Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest RHF

Velkommen til aller første utgåve av Blogg i vest – og til år 2020. Kvar måndag framover vil du finne eit nytt blogginnlegg på nettsidene våre. Ønsket er å sleppe til engasjerte røyster frå eigen organisasjon og gjestebloggarar frå politikk og samfunnsliv. På bloggen skal det vere høgt under taket og tett mellom dei interessante poenga, så heng med!

At vi begynner bloggen i 2020 er naturleg: Dei siste par åra har fleire hundre av Helse Vest sine 30.000 tilsette og mange fagmiljø vore engasjert i eit av dei største prosjekta i norske helsevesen nokon gong: Utmeislinga av strategien for utviklinga fram mot år 2020. Eit utall faggrupper har vore i sving, eit tusentals notatsider har vore i sirkulasjon. No føreligg ein revidert ”fasit” i form av visjonen Helse2020.

Så kva veit vi om framtida? Rett mye, viser det seg. Vestlandet kjem til å bli langt tettare befolka i åra som kjem, og andelen eldre kjem til å stige raskare og sterkare her enn nokon annan stad. I takt med denne utviklinga kjem sjukdomsbiletet til å endre seg, samtidig som medisinfaget er inne i ei rasande utvikling som kjem til å gi ukjende moglegheiter – og dilemma. Sjølv om mange fleire lidingar kjem til å bli teknologisk og medisinsk mogleg å behandle, kan helsesektoren i Noreg nemleg ikkje halde fram med å auke pengebruken og bemanninga som i dag. Gjer vi det, må helsetenesta rekruttere kvar fjerde elev i 2024, og kvar tredje i 2035!

Hjula skal gå rundt i resten av samfunnet og, og landet har verken økonomi eller arbeidskraft nok til å halde seg med eit så raskt esande helsevesen. Figuren nedanfor famnar framtida i to strekar: Gapet mellom befolkninga sine forventningar på den eine sida, og kva helsetilbod som er mogleg å gi i praksis på den andre, vil venteleg auke raskt.

Figur: Forventningsgapet

Så kva gjer vi i Helse Vest for å førebu oss? Nyttar ressursane betre. Sjukehussektoren er enorm, både målt i talet på tilsette, talet på behandlingar og geografisk spreiing, og vi har berre så vidt begynt å hente ut det formidable potensialet som ligg i å samarbeide på tvers av einingar, sjukehus og fagområde. Arbeidet med Helse2020 har avdekt særs mange skott og hinder for effektiv utveksling av informasjon og kompetanse. Betre rutinar, meir effektive informasjonsutveksling, samkøyring av datasystem og utstrakt samhandling høyrast vel neppe ut som science fiction for deg, men nett desse grepa skal framover frigjere store ressursar, tid og hender i spesialisthelsetenesta.

Vil så helsetilbodet bli betre av alt dette? Garantert. Erfaringa frå dei ni åra vi har lagt bak oss som regionalt helseføretak, gjer oss sikre på at langt fleire pasientar enn i dag vil få meir, betre og sikrare behandling på sjukehusa om ni nye år, i 2020. Utover hausten vil helseføretaka Stavanger, Fonna, Bergen og Førde, arbeide vidare med kva konkrete tiltak som er nødvendige i kvar region fram mot 2020.

Føresetnaden for å gi deg det beste helsetilbodet som er mogleg å få i 2020 er nemleg at vi gjer mange og til dels store endringar allereie no. For ein ting veit vi heilt sikkert: Om Helse Vest held fram på akkurat same vis som i dag, vil utviklinga springe i frå oss.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s